Altels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Altels
fjell
Altels frå vest
Land  Sveits
Kanton Bern, Valais
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 629 moh.
Primærfaktor 101 m ↓  mot Balmhorn
Koordinatar 46°25′43.72″N 07°40′42″E / 46.4288111°N 7.67833°E / 46.4288111; 7.67833
Førstestiging Hans Hari
 - dato 8. juli 1874
Kart
Altels
46°25′44″N 7°40′42″E / 46.428811111111°N 7.6783333333333°E / 46.428811111111; 7.6783333333333
Wikimedia Commons: Altels

Altels er eit 3 629 m pyramideforma, høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Grensa mellom kantonane Bern og Valais går over fjelltoppen. Fjellet ligg øvst i dalen Kandertal. Altels er knytt til det litt høgre Balmhorn over ein kvass isrygg. Ganske grei og kort oppstiging fører til at ein tur til Balmhorn gjerne vert kombinert med topptur til Altels òg.

Fjellsoge[endre | endre wikiteksten]

Fyrste stiginga av Altels fann stad 8. juli 1874. Eit klatrelag beståande av fem mann, Hans Hari, Hermann Löhnert, Fritz Ogi, Adolf von Steiger og Friedrich Wyss-Wyss nådde toppen.

Hengebreen på nordvestsida av fjellet, som ligg i ei 44°-skråning, har etter kalving minst to gongar dekt beitemarkane under med ismassar. Breen er det i dag berre restar av i områda kring toppen.

Både menneske og buskap har omkome i israsa:

  • Ved brekalving 18. august 1792 miste fire menneske og om lag 100 dyr livet.
  • 11. september 1895 styrta om lag 4 millionar kubikkmeter is ned bergsida og beitemarka. Under ismassane omkom 6 menneske (varaordføraren i Leukerbad var ein av dei), samt 158 storfe, 9 svin, eit muldyr og ein hund. Ein minnestein vart reist i beitemarka til minne om 1895-ulykka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]