Alterring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alteret, altertavla og alterringen i Ylikiiminki kyrkje i Finland.
I Grønnåsen kyrkje frå 1996 er det alterring på sidene mellom koret og skipet, men det er ope midt mot alteret.
Foto: kirkenorge.no

Ein alterring eller altarring er ein del av inventaret i mange kyrkjer og er der for å gje støtte og komfort når medlemmer av kyrkjelyden kneler framom alteret når dei skal motta nattverd. Alterringen er samansett av eit polstra trinn til å knele på og ein låg skranke til å stø seg på, og har ofte vore halvsirkel- eller hesteskoforma. Ho eller han som mottek nattverden kneler på utsida av skranken, vend mot alteret, medan presten er på innsida og deler ut vinen og brødet.

Å knele når ein mottok nattverd vart vanleg frå reformasjonsårhundret og utover. Alterringen kom til etter kvart, og ved starten av 1800-talet var det framleis mange norske kyrkjer som var utan alterring.[1]

Alterringen kan fort oppfattast som eit gjerde mellom kyrkjelyden og alteret og føre til at dei kjenner at dei ikkje har tilgang til altereret og området like framom det. Samstundes kan han vere til hinder for presten. I nyare norske kyrkjer vert det difor ofte ikkje laga noko fastmontert alterring. I staden vert det laga lause modular som kan takast fram når det er nattverd og elles vere unnarydda. Eller om det er fastmontert alterring, så er han oppbroten i fleire delar slik at det er opne rom der presten uhindra kan røre seg mellom alteret og resten av kyrkja, og slik at kyrkjelyden kan sjå at dei har full tilgang til alteret.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Alf Henry Rasmussen (red., 1993) «Kirkerommets inventar» – i: Våre kirker : norsk kirkeleksikon, s. 69 – Vanebo Forlag, Kirkenær. ISBN 82-7527-022-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alterring