Altevatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Altevatnet
(Alddesjávri)
Stad Bardu (Troms)
Koordinatar 68°31′N 19°32′EKoordinatar: 68°31′N 19°32′E
Utsig Barduelva
Overflateareal 79,71 km²
Største djupne 99 m.
Høgd over havet 489 m.

Altevatnet (samisk: Álttesjávri) er ein innsjø i Bardu kommune i Troms fylke. Altevatnet er den tiande største innsjøen i Noreg.

Innset, Straumsmo og Bardufoss kraftverk nyttar alle den magasinkapasiteten som ligg i Altevatnet. Magasinkapasitet er på 1027 millionar m3. Vatnet er oppdemd og kan regulerast mellom 489 og 472 moh.

Namnet Altevatnet er ei fornorsking av det samiske namnet Álddesjávri. Ordet jávri tyder innsjø, medan den fyrste delen av namnet truleg kjem av álda og har tydinga offerplass. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Red: Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola: Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo 1997 ISBN 82-521-4905-7

Denne artikkelen byggjer på Altevatnet henta frå Wikipedia på bokmål 14. januar 2008.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.