Altinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Altinn
Type nettstadnettportal, nettstad, datasystem
Tilgjengeleg påNorsk
Grunnlagd4. desember 20034. desember 2003; 20 år sidan (2003-12-04)
EigarDigitaliseringsdirektoratet
Nettstadaltinn.no
KommersieltNei
RegistreringJa

Altinn er ein nettportal for digital dialog mellom næringslivet, privatpersonar og offentlege etatar i Noreg. Per august 2020 er det 58 statlege etatar som er i Altinn-samarbeidet[1] og som brukar denne tekniske plattforma for å lage digitale tenester.[2] I tillegg brukar dei fleste kommunar og fylkeskommunar Altinn via KS si løysing for digital post. Altinn blir nytta mest av næringslivet, men også privatpersonar nyttar portalen for å levere skattemelding og andre skjema digitalt.

Frå hausten 2011 blei Altinn utvida til også å vere ein informasjonsportal for norsk næringsliv. Tre tidlegare offentlege nettstader (Bedin, Bedriftshjelp og Hjelp til regelverk) blei samordna og er å finne i Altinn under «Starte og drive bedrift».[3] Her ligg det mykje nyttig informasjon for gründerar og små/mellomstore bedrifter. Formålet er å gjere det enklare å starte og drive bedrift. Her finn ein også oversikt over alle statlege støtteordningar til næringslivet.

I juni 2015 blei Cathrine Holten tilsett som avdelingsdirektør for digitalisering ved Brønnøysundregistera. Avdeling digitalisering har ansvaret for drift, vedlikehald og vidareutvikling av Altinn.

Fram til 31.12.2019 var det Brønnøysundregistera som forvalta Altinn. Frå 1. januar 2020 blei Altinn, saman med delar av fagmiljøet for informasjonsforvalting ved Brønnøysundregistera og deler av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) samla til Digitaliseringsdirektoratet.

Kort om historia til Altinn[endre | endre wikiteksten]

Det var Skattedirektoratet, Statistisk sentralbyrå og Brønnøysundregistra som starta samarbeidet om ein internettportal for offentleg innrapportering. Bakgrunnen for dette var at undersøkingar viste at norske bedrifter brukte meir enn 7300 årsverk på rapportering til statlege styremakter. Som eit tiltak for å minske den offentlege rapporteringsbyrden, er overgang til elektronisk rapportering eit satsingsområde innan offentleg nærings-og IKT-politikk.

Altinn blei lansert 4. desember 2003. Altinn-prosjektet fekk opphavleg namnet frå omgrepet «alternativ innrapportering». Forløparen til Altinn hadde namnet Avgivar og var også eit samarbeidsprosjekt mellom dei same tre etatane. Avgivarløysinga var eit e-postprogram som gjorde det mogleg for næringsdrivande å sende likningsskjema for næringsdrivande til Skatteetaten, årsrekneskap til Brønnøysundregistera og strukturundersøkingar til Statistisk sentralbyrå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Altinn-samarbeidet», www.altinn.no, henta 17. august 2020 
  2. «Kva er Altinn?», www.altinn.no, henta 17. august 2020 
  3. «Starte og drive bedrift», www.altinn.no, henta 18. august 2020