Altocumulus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Altocumulus
Altocumulusskyer over Bergen ein morgon i april 2008
Altocumulusskyer over Bergen ein morgon i april 2008
Høgd 2000–5500
Utsjånad Kuleforma skydottar
Nedbørsky? Nei
Forkorting Ac


Altocumulus eller rukleskyer er ein skytype bygd opp av lag eller flak av kuleforma skydottar eller rullar. Kvart enkelt element er større og mørkare enn elementa i cirrocumulus, men mindre enn dei i stratocumulus.

Skyene høyrer til klassen midlare skyer, og blir danna mellom 2000 og 5500 meter høgde. Ofte ser ein skyene framfor ein kaldfront, og i enkelte område kan dei på varme og fuktige sommarmorgonar vere eit teikn på at det kan utviklast toreskyer seinare på dagen.

Skyene består for det meste av underkjølte vassdropar, men i svært låge temperaturar kan dei også innehalde iskrystallar. På same måte som med altostratus blir desse skyene danna ved heving av store luftmassar, etterfølgd av kondensasjon. Skilnaden er at altocumulus blir påverka av instabilitet i den omliggande atmosfæren, og den stigande lufta dannar dei små cumulusaktige skydottane. Viss skyene er tjukke nok kan dei av og til føre til litt regn, og det er som oftast òg eit teikn på at ein front er like om hjørnet, særleg viss skydekket har blitt tjukkare i løpet av dagen.

Ofte kan ein ha både altocumulus og altostratus samtidig på himmelen og dei kan dekke svære område, særleg i samband med frontar.

Det finst fleire variantar av altocumulusskyer:


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]