Alula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei kvithovudhavørn (Haliaeetus leucocephalus) går for landing, og viser alula i funksjon

Alula, eller litle veng, er ei nemning ein nyttar på ei gruppe av tre til fem små fjør som er festa på det som svarar til tommelfingeren på framkanten av vengen av moderne fuglar. Til likskap med større flygefjør på bakkanten av vengen, er desse alulafjørene asymmetriske, med fjørskaftet nærast framkanten.

Til vanleg ligg alula flatt ned til vengen, men han kan rørast. Når fuglar flyg sakte eller går for landing, løftar fuglen alula svakt oppover og framover, det skaper ein liten spalte på framkanten av vengen. Dette gjev samsvarande funksjon med det som på flyvenger kallast slats. Slats gjev høgare innfallsvinkel enn normalt - og dermed betre løft - utan at flyet steglar. Ein kan tydeleg sjå alula når fuglar strekkjer vengen ned mot bakken.

Ein har slått fast at fleire slektningar av moderne fuglar som no er utdøydde hadde utvikla alula. Dette inkluderer Eoalulavis hoyasi ein Enantiornithes frå midten krit, for 115 millionar år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]