Alvefeltet

Koordinatar: 66°01′N 7°54′E / 66.01°N 7.9°E / 66.01; 7.9
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alvefeltet
Informasjon
Operatør Statoil
Produksjon Naturgass og kondensat
Tilknytt terminal Kårstø
Funnår 1990
Oppstart 19. mars 2009
Geografi og geologi
Plassering Norskehavet, 16 km sørvest for Nornefeltet
Koordinatar 66°01′N 7°54′E / 66.01°N 7.9°E / 66.01; 7.9


Havdjupne 370 m
Reservoardjupne 3600 m
Reservoarbergart Sandstein av jura alder
Rettshavarar
Statoil 85 %
Dong E&P Norge 15 %

Alvefeltet er eit naturgass- og kondensatfelt i Norskehavet som er knytt opp til produksjonsskipet Norne som eit satellittfelt. Alve ligg 16 km sørvest for Norne. Gassen frå Alvefeltet vert produsert ved hjelp av undervassinstallasjonar.

Alvefeltet vart oppdaga i 1990 og førte til at det større Nornefeltet vart oppdaga to år seinare, i 1992. Produksjonen av Nornefeltet starta alt i 1997. Produksjonen på Alve starta 19. mars 2009. Med Alvefeltet og andre funn i området vart levetida til Norne utvida frå 2016 til 2021. Feltet består av formasjonane Garn, Not, Ile og Tilje, og funna ligg i Garn- og Notformasjonane.

Utvinnbare reservar var per 2012 rekna til kring 5,7 milliardar kubikkmeter gass, 11,9 mill. fat olje og 1,1 mill. tonn NGL.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]