Alveld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Alveld er ein sjukdom hos sau som gir leverskade, oppsvulma ansikt og gjer dei overkjenslevare for lys. Ein reknar at sjukdomen heng saman med inntak av romeplanten, men sopp eller algar er også moglege årsaker, kanskje i kombinasjon med rome.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Skriftlege kjelder nemner alveld i Noreg første gong i 1891, men sjukdomen har truleg vore kjend i landet i fleire hundre år før dette. Han finst også nord i Storbritannia og Nord-Irland. Sjukdommen finst hos lam som har beita på romeplanten. Han viser seg spesielt hos kvite lam og er sjeldsynt hos vaksne dyr. Alveld melder seg etter at lamma har beita på romeplanten 1-2 veker. I lågt lende med tidleg vår syner dei første tilfella seg tidleg i mai medan juli brukar å vere den verste månaden. Sjukdomen opptrer gjerne i periodar med solglytt og dis etter ein våt og kald periode, sokalla alveldvêr. Det er meir alveld i våte enn i turre år og Vestlandet er spesielt utsett.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Urolege lam som gnir hovudet mot marka og har vondt. Det samlar seg væske i underhudsvevet på hovudet slik at øyrene vert store og heng ned og ansiktet vert oppsvulma. Dyra vert lyssky og prøver å unngå sollyset. Kroppstemperatur, puls og pusterate aukar. Etter ei tid kan væske sive ut og størkne på huda og skorper fell av. Det er ikkje uvanleg at lamma vert blinde. Slimhinnene kan ha ein gulfarge som tyder på gulsott og dermed leverskade. Både svarte og lyse dyr kan få gulsott, såkalla indre alveld. Diaré er vanleg. Lamma vert hemma i vekst og utvikling og kan stryke med.

Årsak[endre | endre wikiteksten]

Allereie før 1920 var det kjent at sjukdomen berre oppstod hos lam som beita på rome. Det finst fleire teoriar om årsakssamanhengen, men det er semje om at sjukdomen er kjenneteikna ved leverskader og blokkering av gallegangane i levra. Uavhengig av årsak, er det dette som forårsakar at fylloerytrin hopar seg opp i kroppen og går ut i blodet. Fylloerytrin er ein rest av klorofyllmolekylane frå sauen si føde. Fylloerytrinet hopar seg opp i huda og startar ein fotosyntese-reaksjon når sauen vert utsett for sollys. Dette kallast hepatogen fotosensibilisering, som altså gir symptoma på alveld.

Saponinhypotesen[endre | endre wikiteksten]

Med omsyn til leverskaden er årsakssamanhengen meir uklar. Den mest populære hypotesen har vore at steroide saponin i romeplanten forårsakar ei forgifting. Denne hypotesen har stått sterkt ikkje minst fordi ein har funne nærskylde saponin i plantar som forårsakar liknande sjukdomar i andre land. Ein har derfor sett på steroide saponin som ein samnemnar for levergiftige fotosensibiliseringar. Hypotesen er styrkt av at for nokre av sjukdomane har ein analysert stoffa som blokkerer gallegangane. Dette synte seg å vere episarsasapogenin-ß-D-glukuronid og epismilagenin-ß-D-glukuronid som er kjemisk avleidde frå saponina. Dette provar likevel ikkje at saponina i seg sjølv utløyste sjukdomen. Kontrollerte forsøk og prøvar tekne i felten stør likevel ikkje hypotesen om saponinet som hovudårsak. Ein finn rett og slett ikkje ein korrelasjon mellom høge konsentrasjonar av saponina og utbrot av alveld.

Kofaktorhypotesen[endre | endre wikiteksten]

Gransking har i dei seinare år dreia mot "kofaktorhypotesen", der ein ser på om andre faktorar er avgjerande, kanskje i vekselverknad med saponin. Ein har derfor vurdert om andre plantar,soppar, bakteriar og blågrønbakteriar i sauen sitt beite kunne innehalde medverkande stoff. I fleire år har ein spesielt sett etter bakteriar og mikrosoppar både på romeplanten, andre plantar og på vissen fjorårsvegetasjon. Ein idé er at det kan ligge til rette for oppblomstring av desse i våte kjølige "alveld-somrar".

Ein slik kofaktorhypotese er at lamma vert forgifta av sporidesmin, ein type mykotoksin produsert av ein sopp som infiserer romeplanten. Soppen Cladosporium macrocarpum har vore peika ut som ein mogleg kandidat. Ein har også hatt soppen Pithomyces chartarum i kikkerten, fordi det er kjent at sporidesmin frå denne soppen forårsakar sauesjukdomen facial eczema som liknar på alveld. Ein har likevel per 2008 korkje klart å påvise P. chartarum eller soppar med liknande effekt her i landet. P. chartarum vert derfor ikkje lengre sett på som sannsynleg kofaktor.

Systemiske problem[endre | endre wikiteksten]

Det er kjent at problemet med alveld auka på 1970 og '80-talet og spreidde seg til nye område. Her har det vorte sett fram idear om meir 'systemiske' årsaker til spreiinga. Ei mogleg årsak er den genetiske endringa i norsk sau dei siste tiåra. Sauer vart tradisjonelt brukt til avl i det området dei var oppvaksne i. Over tid kunne sjukdom hos lam gi eit seleksjonspress som tilpassa den lokale sauerasen til giftstoffet i alveld. I siste halvdel av nittenhundretalet vart det fleire gongar importert sau frå England. På slutten av 1960-talet vart det også oppretta fleire ver-ringar som gjorde sitt til å blande genetisk materiale mellom det norske innlandet og kysten. Begge delar vatna ut eventuelle lokale tilpassingar. Det må her nemnast at alveld også er eit kjent problem i nordlege Storbritannia og Nord-Irland, der romeplanten finst.

Ein annan mogleg faktor er at talet på storfe som beitte på utmark med romeplantar minka, samstundes som talet på sauer voks. Dette kan ha gitt meir romeplantar i sauen sitt daglege fórinntak. Endringar i pH grunna sur nedbør eller klimaendringar kan også ha gitt fleire romeplantar enn før, men dette er i dag berre spekulasjonar.

Nyresvikt[endre | endre wikiteksten]

Hos storfe og elg kan romeplanten nokre gongar framkalle akutt nyresvikt. Ein finn ein lettare forbigåande nyresvikt også hos lam som beiter på romeplanten. Før meinte ein at dette kunne skuldast furanonet 3-metoksy-2(5 H)-furanon som finn i romeplanten, men prøving viste at nyreceller dyrka i kultur ikkje viste klare reaksjonar på denne. Eit anna stoff, 5-hydroksy-4-metoksy-2(5 H)-furanon hadde moderat skadeleg effekt medan saponin gav den klart sterkaste negative effekten. Det vart også utført eit forsøk der lam fekk fôrtilskot med saponin, noko som gav akutt nyresvikt hos fleire lam. Saponin vart funn i både lever og nyre, noko som var overraskande då ein tidlegare trudde at saponina vert omdanna til sapogenin og sukker i vomma hos drøvtyggjarar. Om det same kan hende på beiting på rome er uavklara.

Ein har enno ikkje eit endeleg svar på kva som gir alveld, men det er mange moglege måtar for samspel mellom fleire faktorar. Saponina er del av plantene sitt immunforsvar, noko som kanskje kan gi heva saponinverdiar i plantar som er angripne av sopp, og dermed ein "cocktail" av fleire stoff i fôret til lamma.

Handsaming[endre | endre wikiteksten]

Sjuke lam bør settast i eit mørkt og svalt rom saman med mora og stå der ei veke eller lengre. Skadane på hovudet bør handsamast lokalt og ein kan også prøve å betre allmenntilstanden til dyret. Det finn ingen spesifikk medisin mot alveld.

Førebygging[endre | endre wikiteksten]

Svart ull på Suffolk vernar utsette stader på huda

Det beste er å halde sauene borte frå beiter med romeplante. Romeplanten kan eventuelt fjernast ved gjødsling der dette er praktisk mogleg. Ved ein runde kalking og fosforgjødsling kvart år er romeplanten borte etter 3 år.

I utsette område kan ein velje sauerasar som har vist seg meir motstandsdyktige mot alveld. Det har vist seg at alveld er vanlegare hos lam med hemoglobin type BB enn med type AA. Sauerasen spælsau har type AA hos 99% av lamma, medan dalarasen har den hos 79%. Trass dette synte gransking at spæl-lam var meir utsette for alveld enn norsk pelssau.

Eit anna alternativ er å nytte sauerasen suffolk. Typisk kjenneteikn for denne er svart ull på hovudet men elles kvit ull. Dette gir auka vern mot sollys på utsette stader på kroppen, utan tap av salsverdi for ulla.

Andre namn på sjukdomen[endre | endre wikiteksten]

Andre norske namn på sjukdomen er alvella, hudbrand, yla, håvesot, den galne sotten, lyngsyke og lyngsot. I Storbritannia har han namn som saut, yellowses og plochteach. Det siste etter gælisk plocach som tyder oppsvulma hovud.

Liknande sjukdomar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om årsaka til alveld i dag ikkje fullt kan forståast, kan vi likevel fastslå at alveld er i slekt med fleire andre sjukdomar. Dette inkluderer:

  • Nyreskader hos storfe som beiter på romeplante.
  • Forgifting av Agave lecheguilla, ein plante i liljefamilien som veks i dei sørvestlege delane av Texas, USA. Gjer sauen ekstra kjensleg for lys.
  • Forgifting av Nolina texana og Nolina microcarpa i liljefamilien, rapportert hos sau, storfe og geit i Texas, USA.
  • Geeldikkop, (betyr 'gult-tjukt-hovud') årsaka av tiggarnøtt Tribulus terrestris i leddbladfamilien. Veks i turre strok i Sør Afrika, USA,Argentina, Australia og Iran. Gir fotosensibilitet både hos sau og geit.
  • Forgifting av Brachiaria decumbens, ein grasart i familien Panicoideae. ein økonomisk viktig art da dhan veks godt, nyttar nitrogen effektivt og toler både turke og beiting godt. Rapportar om fotosensibilitet hos sau og/eller storfe i Australia, Malaysia, Indonesia, Papua Ny Guinea, Nigeria og Brasil.
  • Forgifting av Hirse og andre Panicum i grasfamilien. Inkluderer både nyttevekstar og ugras, slik som P. dichotomiflorum, schinzii, miliaceum, coloratum og P. virgatum
  • Forgifting av Lantana Camara i verbenafamilien. Planten veks naturleg i Mellom-Amerika og Afrika og er spreidd som prydbusk til andre delar av verda. L. camara inneheld ikkje saponinar men gir likevel overfølsemd for lys, kanskje grunna pentasykliske triterpenar. Er giftig for alle drøvtyggjarar. Forgiftingar kjende frå Australia, India, New Zealand, Afrika og fleire land i Amerika.

Det er heller ikkje usannsynleg at det er ein samanheng med såkalla haustalveld. Denne er ikkje kopla til romeplanten, men soppvekst kan også her vere årsaka. Ein ser det gjerne når lam flyttar frå beite på fjell og hei til kulturbeite tidleg på hausten, i september – oktober. Symptoma liknar på alveld, men kjem svært brått og kroppstemperaturen går ofte over 41 grader. Eit par dagar innandørs kan vere god nok behandling.

Leverikteinfeksjon med den store leverikten har lysfølsemd som eit av fleire symptom. Det sams symptomet ser ut til å skuldast at både alveld og leverikten skadar levra på dyret.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Arne Maurtvedt (redaktør), Saueboka, 1989 Landbruksforlaget. ISBN 82-529-1219-2
  • Olav Aas og Mary Holmedal Losvik, Microfungi on Narthecium ossifragum(L)Huds. in four mires in Sogn and Fjordane, western Norway. Agarica 1998, Vol15 s199. ISSN 0800-1820
  • J.P.Felix D'Mello (redaktører), Handbook of plant and fungal toxicants, kap. 13: Photosensitization Disorders, Arne Flåøyen og Arne Frøslie. CRC Press 1997.
  • Britt Ingeborg Foseide, 1998, Sau & alveld : Sauen si beiteåtferd i forhold til romeplanta, Narthecium ossifragum, og sjukdomen alveld.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]