Alvik i Norrbotten

Koordinatar: 65°34′17.494″N 21°46′42.010″E / 65.57152611°N 21.77833611°E / 65.57152611; 21.77833611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°34′17.494″N 21°46′42.010″E / 65.57152611°N 21.77833611°E / 65.57152611; 21.77833611 Alvik er ein tettstad i Luleå kommun i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 771 innbyggjarar. Alvik ligg sentralt plassart i det som blir kalla «firkanten», det vil sei området innanfor byene Luleå, Piteå, Älvsbyn og Boden. Alvik består av to bygder, Alvik og Långnäs, som etter kvart er bygd saman. I dag går ofte begge bygdene under namnet Alvik.

Alvik og Långnäs ligg i den sørlege delen av Luleå kommune, og der finst det leivningar som styrker teorien om at bygdene oppstod under mellomalderen. I historisk tid har folkesetnaden livnært seg ved jordbruk og husdyrhald, heilt fram til 1900-talet.

Alviks IK har ein stor barne- og ungdomsavdeling innan fotball, og har òg hatt eit seniorlag i Damallsvenskan.

Alvikskolan, som blei bygd i 1993, går det ca. 120 elevar frå 1. til 6. klasse. Etter 6. klasse blir elevane flytta til BergskolanBergnäset i Luleå. Alvik er ein barnerik by og dei fleste hushaldningane består av anten pensjonistar eller småbarnsfamiliar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]