Alvin Martin Weinberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eugene Wigner (venstre) og Alvin Weinberg (høgre)
Alvin Martin Weinberg (20. april 1915–18. oktober 2006) var ein amerikansk fysikar.
Han tok doktorgrad i matematisk biofysikk frå University of Chicago i 1939, og var tilknytt Oak Ridge National Laboratory frå 1945, der han vart forskingsdirektør i 1948 og direktør frå 1955. Frå 1975 til 1985 var han direktør for Institutt for energianalyse ved Oak Ridge Associated University. Weinberg deltok i utviklinga av dei første energiproduserande kjernereaktorane og gjorde seg merka for arbeid innan teoretisk reaktorteknologi og vedrørande utvinning av kjerneenergi.
Kjelder [endre]
- Alvin Martin Weinberg. (2012-02-25) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Alvin_Martin_Weinberg