Alvin Stardust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alvin Stardust
Verkeleg namn Bernard William Jewry
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Pop, musikal
Aktive år 1971 til i dag

Alvin Stardust (fødd 27. september 1942) er ein engelsk popsongar og teaterskodespelar.

Då Jewry arbeidde som scenearbeidar tidleg i 1960-åra vart han med medlem av Shane Fenton and The Fentones som hadde nokre hittar på den britiske singellista med ein liknande stil som The Shadows. Jewry forsvann så frå søkelyset i ti år etter at The Fentones slutta. Tidleg i 1970-åra tok Jewry på seg ein ny person, Alvin Stardust, og vart ein populær glamrockartist. Han fekk namnet sitt av Michael Levy (seinare Lord Levy) som eigde plateselskapet Magnet Records. Han debuterte med hitten «My Coo Ca Choo» i 1973. Stardust hadde òg hittar med «Jealous Mind» (til topps i Storbritannia[1]), «You, You, You», «Red Dress» og «Good Love Can Never Die». Totalt fekk han sju hittar på Topp 10.

I 1985 deltok Stardust i A Song for Europe, den britiske kvalifiseringa til Eurovision Song Contest, med songen «The Clock on the Wall». Han enda på tredjeplass etter Vikki og Kerri Wells.

Utover 1980-åra spelte Stardust i fleire musikalar, som Lloyd Webber–Rice-musikalen Cricket, David Copperfield — The Musical, The Butlin Story og Chitty Chitty Bang Bang.

Stardust har òg spelt i fleire fjernsynsseriar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st ed.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 156. ISBN 0-85112-250-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]