Alviske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Wikipedia is a free encyclopedia» skrive med tengwarskrift.

Alvisk er eit fellesnamn for ei gruppe språk utvikla av J.R.R. Tolkien. Språka blir gjerne sagt å vera svært vakre.

Språka[endre | endre wikiteksten]

Det finst to velutvikla versjonar av alvespråka: sindarin (grå-alvisk) og quenya (høgalvisk).

Sindarin er det språket som alvane bruka til dagleg i Midgard i Tredje heimsæva og er basert på walisiske lydar. Sindarin kom, som alle alvespråka, frå primitivt alvisk, og utvikla seg i Midgard før Første heimsæva mellom dei alvane som ikkje fór over havet til Aman.

Quenya var språket til dei alvane som gjennomførte reisa til Aman. Det vart ført tilbake til Midgard ved starten av Første tidekverven, der det vart sett på som eit meir formelt språk. I Tredje tidekverven var det få alvar i Midgard som framleis snakka quenya; det hadde gått over til å bli eit slags midgardsk latin og vart mest bruka under seremoniar. Fonologien til språket er basert på finsk.

Det finst òg ei rekke andre språk i slekt med desse, men dei har anten ikkje vorte like godt utarbeidd av Tolkien, eller han har rett og slett forkasta dei.

I bøkene nytta J.R.R. Tolkien vanlegvis det latinske alfabetet til å skrive ned dei alviske språka, slik at folk flest kan få eit inntrykk av korleis dei høyrest ut, men han utvikla òg tre typar skriftteikn som vart bruka av figurane i historiene: cirth (runer), sarati (lite bruka) og tengwar. Ein kan sjå desse teikna i nokre illustrasjonar.

Av andre alvemål kan ein nemne skogalvisk, som er ein dialekt av grå-alvisk, erresëisk, som var særleg nytta på Tol Eressëa, og ulike talemålsformer knytte til ulike distrikt. Skogalvisk var soleis i bruk både i Myrkskog og i Lothlórien. Noldoane hadde og særlege former, til dømes th-lyd i staden for S i framlyd. Dette draget var kalla Fëanors Shibbolert, og vart snart forkasta av dei andre høgalvane.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Dei alviske språka vart funne opp av J.R.R. Tolkien med grunnlag i fascinasjonen hans for språk. Han har skrive at han ikkje laga språka for bøkene, men at han laga bøkene for språka; språka kom først, og så kom det tilhøyrande folket og landskapet. Språka er i bøkene spesielt mykje bruka i namn, men òg i noko lyrikk. Dei har eit svært godt derivasjonssystem, som gjer at ord har tilknyting til kvarandre på same måten som i naturlege språk. Til dømes kan ein kjenne att delar av det sindarinske ordet ithil («måne») i namnet på boka Silmarillion; sil betyr «lys», og silmarillane er edelsteinar med eit lys som nærast er heilag for alvane.

Det finst mange ulike utkast til same språket på grunn av at J.R.R. Tolkien arbeidde med språka heile det vaksne livet sitt, men den versjonen som blir nytta i Ringdrotten, blir av dei fleste sett på som den endelege.

J.R.R. Tolkien fann òg opp fleire ikkje-alviske språk, slik som dvergane sitt khuzdul og menneska sitt vestrønt. Sistnemnde inneheld mange lånord frå alvisk, noko som reflekterer menneska sine tidlegare tette band til alvane.

Dei alviske språka vart etter 2001 veldig populære, etter at Peter Jacksons filmtrilogi av Ringdrotten kom, og gjorde alt tolkienrelatert svært populært. Ein lyt vel og leggje til at det for det meste er Quenya som er nytta i filmen, og dei mange alviske dialektane er ikkje nytta i stor grad. Soleis snakkar jamvel Legolas høg-alvisk, sjølv om han er skogalv.

Nokre som kan språket[endre | endre wikiteksten]

Helge Fauskanger er ein nordmann som lengje har vore interessert i dei alviske språka. I 1999 starta han internettsida Ardalambion, som i dag blir rekna for verdas desidert beste side når det gjeld informasjon om alvisk, og det beste verktøyet for å lære seg språka.

Alle dei originale omsetjingane til alvisk i filmane er gjort av David Salo.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]