Alzette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alzette
Alzette i Luxembourg.
Alzette i Luxembourg.
Utspring Meurthe-et-Moselle
- Høgd 305 m
Munning Sûre
Land i nedslagsfelt Luxembourg, Frankrike
Lengd 73 km

Alzette (luxembourgsk Uelzecht, tysk Alzig) er ei elv med ei lengd på 73 km i Frankrike og Luxembourg. Ho er ei av sideelvane til Sûre frå høgre.

Ho har sitt utspring i Thil nær landsbyen Villerupt i departementet Meurthe-et-Moselle i Frankrike. Ho kryssar grensa til Luxembourg etter eit par kilometer. Ved Lameschmillen (nær Bergem) renn ho i hop med elva Mess. Ho renn vidare gjennom dei luxembourgske byane Esch-sur-Alzette, Luxembourg by og Mersch, og munnar ut i Sûre nær Ettelbruck.

Sûre er igjen ei av sideelvane til Mosel.