Amaldus Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amaldus Nielsen, 1894
Morgen ved Ny-Hellesund, 1885

Amaldus Clarin Nielsen (23. mai 183810. desember 1932) var ein norsk kunstmålar.

Nielsen var fødd og voks opp i Mandal i Vest-Agder, og måla allereie som ung fleire motiv frå Sørlandet. Han studerte ved kunstakademiet i København frå 1854 til 1856, og studerte to gonger under Hans Gude, først ved kunstakademiet i Düsseldorf frå 18571858, og ti år seinare i Karlsruhe. Nielsen er rekna som ein sørlandsmålar, men han hadde òg motiv frå mellom anna Hardanger, Sogn og Hvaler, og i tillegg ein del frå Majorstua, der han lenge budde.

Måleri og teikningsamlinga hans frå 1856 til 1932 blei i 1933 donert til Oslo by av familien til Nielsen. Samlinga inneheldt nesten 300 måleri og 100 teikningar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amaldus Nielsen