Amalienborg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Amalienborg | |
| Offisielt namn | Amalienborg Slot |
|---|---|
| Kallenamn | Amalienborg |
| Stad | København i Danmark |
| Arkitekt | Nicolai Eigtved Laurids de Thurah Christian Joseph Zuber Philip de Lange Endringar ved mellom anna C.F. Harsdorff |
| Påbegynt | 1750 |
| Opna | 1760 |
| Grunnflate | Samla areal ca. 26 500 m² |
Amalienborg er eit slottsanlegg i København og hovudresidens for den danske monarken. Anlegget inneheld fire bortimot like palé rundt ein åttekanta plass. Midt på plassen står J.F.J. Salys ryttarstatue av Fredrik V.
Slottsanlegget er eit hovudverk i dansk byggekunst og sannsynlegvis det finaste stykke rokokkoarkitektur i Danmark.[1] [2]
Bygningane vart reiste i åra 1750–1768 etter teikningar av Nicolai Eigtved, Laurids de Thurah, Christian Joseph Zuber og Philip de Lange.
Referansar [endre]
- ↑ Om Amalienborg frå Dansk Arkitektur Center
- ↑ Velkommen til Amalienborg frå Slots- og Ejendomsstyrelsen