Amandaprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amandaprisen eller Amanda-prisen er ein norsk pris for film og fjernsyn som vert utdelt årleg i høve til Den norske filmfestivalen i Haugesund. Prisen vart fyrste gong delt ut 17. august 1985. Vinnarane mottek ein statuett utforma av bilethoggaren Kristian Kvakland. Haugesunds Avis utlyste i 1985 ei tevling om utforming av statuetten, og tevlinga vart vunne av Kvakland. Statuetten er tretti centimeter høg og veg 2,5 kilogram. Skjørtediameteren er på 14 cm. Fyrste gong han vart delt ut vog han 4,5 kilogram, og ein kvinneleg prisvinnar måtte etter seiande ha hjelp av utdelar Roger Moore for å halda han.

Initiativet til prisen vart teke av filmprodusent Bente Erichsen. Namnet Amanda er ikkje filmrelatert, men kjem frå visa «Amanda fra Haugesund».

Endringar i prisutdelinga[endre | endre wikiteksten]

I 1993 var Amandaprisen ein nordisk filmpris, slik at det ikkje vart utdelt nokon pris for årets beste norske kinofilm. Rettnok vann den norske filmen Telegrafisten prisen for beste film dette året, men også nordiske filmar var nominerte. Allereie året etter var Amanda igjen ein rein norsk pris.

Frå og med 2005 er prisen gjort om til ein rein filmpris, slik at prisen for beste dramatiske fjernsynsproduksjon er fjerna. Grunngjevinga for dette er at fjernsynsprisen Gullruten er godt etablert i fjernsynsmiljøet. I tillegg vart ein pris for beste regi lagt til. Tidlegare gjekk prisen for beste film til regissøren, men denne skal no gå til produsenten.

Frå 2006 av har prisutdelinga skjedd på TV 2, tidlegare har ho vorte vist på NRK.

Liste over mottakarar[endre | endre wikiteksten]

Beste norske kinofilm[endre | endre wikiteksten]

Beste regi[endre | endre wikiteksten]

Beste dokumentarfilm[endre | endre wikiteksten]

Beste kortfilm[endre | endre wikiteksten]

Beste barne- og ungdomsfilm[endre | endre wikiteksten]

Beste mannlege hovudrolle[endre | endre wikiteksten]

Beste kvinnelege hovudrolle[endre | endre wikiteksten]

Beste mannlege birolle[endre | endre wikiteksten]

Beste kvinnelege birolle[endre | endre wikiteksten]

Årets nykomar[endre | endre wikiteksten]

Beste utanlandske kinofilm[endre | endre wikiteksten]

Beste musikk[endre | endre wikiteksten]

Beste foto[endre | endre wikiteksten]

Beste filmmanus[endre | endre wikiteksten]

Beste scenografi[endre | endre wikiteksten]

Beste klipp[endre | endre wikiteksten]

Beste lyddesign[endre | endre wikiteksten]

Beste visuelle effektar[endre | endre wikiteksten]

Heidersprisen[endre | endre wikiteksten]

Gullklapparen[endre | endre wikiteksten]

Folkets Amanda[endre | endre wikiteksten]

Utgåtte kategoriar[endre | endre wikiteksten]

Her fylgjer ei liste over priskategoriar som ikkje eksisterer lenger.

Beste nordiske kinofilm (nordisk drama)

Beste dramatiske fjernsynsproduksjon

Beste underhaldningsproduksjon for fjernsyn

Beste birolle (mann/kvinne)

Beste ungdomspris

Televerkets filmstipend

Kassettavgiftsfondets prisstipend

Amandakomiteens debutantpris

Canal+ - Nordisk debutant Amanda

DVD-Amanda

Amandas fagprisar

Beste filmfotograf

I 1993 vart det utdelt Nordens Amanda, difor er dette årstalet overrepresentert med ikkje-norske vinnarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]