Amarantslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå amarant (fleirtyding).
Amarantslekta
Amaranthus hypochondriacus Prague 2011 3.jpg
Praktamarant (Amaranthus hypochondriacus)
Vitskapleg namn
Amaranthus
Utbreiing
Habitat: terrestrisk
Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Caryophyllales
Familie: Amaranthaceae
Amaranthoideae

Amarantslekta (Amaranthus) er ei planteslekt i amarantfamilien. Slekta omfattar rundt 70 artar som veks i tropiske og tempererte strok. Ingen av dei er viltveksande i Noreg, men nokre typar blir dyrka i hagar og dei kan veksa forvilla. Frø, blad og røter av fleire artar kan brukast som mat. Namnet «amarant» er av gresk opphav og tyder 'som ikkje visnar'.

Plantane i amarantslekta er eittårige og har skruestilte blad med svært små grøne eller raude blomar som sit saman i store, klaseforma aks. Både blomar og blad kan ha iaugefallande fargar, og nokre av artane er utbreidde som prydplantar, til dømes nåleamarant, reveamarant og bladamarant. Frøa til nokre av dei, som reveamarant og blodamarant, kan også nyttast som glutenfritt korn. Andre amaranttypar er rekna som ugras, til dømes duskamarant og gresk amarant.

Artar registrert i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Amarantar er rekna som framande artar i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amarantslekta

Kjelder[endre | endre wikiteksten]