Amasia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amasia er eit mogeleg framtidig superkontinent som kan oppstå om Asia og Nord-Amerika kolliderer. Teorien er ei alternativ løysing til Pangaea Ultima. Denne teorien baserer seg på at Stillehavsplata alt er i ferd med å hamne under Eurasia og Amerika, og om denne prosessen held fram vil Stillehavet til slutt verte lukka. Samstundes vil Atlanterhavet utvidast og presse Nord-Amerika vestover. Dermed vil Atlanterhavet på eit tidspunkt verte større enn Stillehavet. I Sibir har grensa mellom den eurasiatiske plata og den nordamerikanske plata vore stasjonær i millionar av år. Kombinasjonen av desse faktorane gjer at personane bak teorien trur at dei vil slå seg saman og danne eit nytt superkontinent.

Roy Livermore, ved University of Cambridge, la fram teorien i 1990-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]