Amatør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Amatørane' (1878-1880) av Edgar Degas.

Ein amatør (av fransk amateur, jfr. latin amare, elske) er ein person som utøver ein kunstart, ein idrett eller eit fag av interesse eller som hobby, og ikkje på yrkesmessig, profesjonelt vis.

Amatørar innan vitskap[endre | endre wikiteksten]

Mange amatørar har kome med viktige bidrag til vitskapen, som til dømes Joseph Fourier, Charles Darwin og Benjamin Franklin.

Amatørar innan ingeniørfag[endre | endre wikiteksten]

Mange av dei som utviklar open kjeldekode er amatørar, på det viset at dei utfører arbeidet på fritida utan betaling.

Amatørar innan idrett[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet amatør spelte ein stor rolle innan idretten fram til 1980-talet, då mange idrettstevlingar var reserverte for amatørar. Viktigast i så måte var dei olympiske leikane. Denne strenge inndelinga mellom amatørar og profesjonelle tok form på 1800-talet. Den som tok imot pengar for idrettsprestasjonar kunne bli stengd ute frå amatørtevlingar for ei viss tid eller på livstid. Når mange idrettsutøvarar fekk tilsetjing som offiserar eller anna vart det ofte oppfatta som ein freistnad på å omgå dette regelverket.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.