Amazonpapegøyar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amazonpapegøyar


Skjelgranamazon, Amazona pretrei Foto: Paulo Barradas
Skjelgranamazon, Amazona pretrei
Foto: Paulo Barradas

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Psittacidae
Slekt: Amazona
Artar
  • ca. 30, sjå tekst
Vitskapleg namn
Amazona

Amazonpapegøye er det vanlege namnet for ein papegøye av slekta Amazona. Dette er mellomstore papegøyar med naturleg leveområde i «den nye verda», frå Sør-Amerika til Mexico og Karibia.

Dette er ganske store, grøne papegøyar med karakteristiske fargemønster i ansiktet og vanlegvis ein farga speculum vengspegel på armsvingfjørene, hovudsakleg synlege i flukt. Mange har ein naken kvit eller lys augering og nokre få har raudt på skuldrene. Kvar art har sitt karakteristiske rop, utan lætet kan det vere vanskelege å fastsetje arten.[1]

Karakteristisk for alle i slekta er flukta som går høgt, med stive og korte vengeslag.[1] Dei flyg ofte parvis i store flokkar mellom staden for beiting og for nattkvile. Halane er noko rektangulært forma. Dei beitar oppe i trekronene[1] og lever hovudsakleg på frø, nøtter og frukt, supplert med lauvverk.

Amazonpapegøyar varierer i storleik frå ca. 25 cm til 45 cm, dei fleste er relativt store papegøyar, frå ca. 30 til 38 centimeter i lengd. Dei minste artane er kvitpanneamazon,[2] som lever i Mexico og Mellom-Amerika, og dvergamazon,[3] endemisk til Jamaica. Den største er keisaramazon, ein trua art, endemisk til Dominica.[4]

Mange amazonpapegøyar har ei oppsiktsvekkjande evne til å etterlikne menneskeleg tale og andre lydar. Delvis på grunn av dette er dei populære som kjæledyr eller burfuglar, og ein liten industri er utvikla med avlspapegøyar i fangenskap for denne marknaden. Denne populariteten har ført til at mange papegøyar blir tatt ut frå naturen i den grad at nokre artar har vorte truga. For å verne ville populasjonar, har CITES-traktatar har gjort fangst ville papegøyar for handel ulovleg.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Amazonpapegøyar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

  • Raudryggamazon, Amazona festiva, Festive Parrot, VU, Linné, 1758
  • Vinamazon, Amazona vinacea, Vinaceous-breasted Parrot, EN, Kuhl, 1820
  • Oreamazon, Amazona tucumana, Tucuman Parrot, VU, Cabanis, 1885
  • Skjelgranamazon, Amazona pretrei, Red-spectacled Parrot, VU, Temminck, 1830
  • Grønkinnamazon, Amazona viridigenalis, Red-crowned Parrot, EN, Cassin, 1853
  • Lillakroneamazon, Amazona finschi, Lilac-crowned Parrot, VU, Sclater, 1864
  • Gulkinnamazon, Amazona autumnalis, Red-lored Parrot, LC, Linné, 1758
  • Blåkinnamazon, Amazona dufresniana, Blue-cheeked Parrot, NT, Shaw, 1812
  • Flammemaskeamazon, Amazona rhodocorytha, Red-browed Parrot, EN, Salvadori, 1890
  • Dominicaamazon, Amazona arausiaca, Red-necked Parrot, VU, Müller, 1776
  • Saintluciaamazon, Amazona versicolor, St. Lucia Parrot, VU, Müller, 1776
  • Gulnakkeamazon, Amazona auropalliata, Yellow-naped Parrot, VU, Lesson, 1842
  • Gulhovudamazon, Amazona oratrix, Yellow-headed Parrot, EN, Ridgway, 1887
  • Gulkroneamazon, Amazona ochrocephala, Yellow-crowned Parrot, LC, Gmelin, 1788
  • Gulmaskeamazon, Amazona barbadensis, Yellow-shouldered Parrot, VU, Gmelin, 1788
  • Blåpanneamazon, Amazona aestiva, Turquoise-fronted Parrot, LC, Linné, 1758
  • Dvergamazon, Amazona agilis, Black-billed Parrot, VU, Linné, 1758
  • Kvitpanneamazon, Amazona albifrons, White-fronted Parrot, LC, Sparrman, 1788
  • Gultygelamazon, Amazona xantholora, Yellow-lored Parrot, LC, Gray, 1859
  • Rosenstrupeamazon, Amazona collaria, Yellow-billed Parrot, VU, Linné, 1758
  • Kubaamazon, Amazona leucocephala, Cuban Parrot, NT, Linné, 1758
  • Hispaniolaamazon, Amazona ventralis, Hispaniolan Parrot, VU, Müller, 1776
  • Puertoricoamazon, Amazona vittata, Puerto Rican Parrot, CR, Boddaert, 1783
  • Melamazon, Amazona farinosa, Mealy Parrot, LC, Boddaert, 1783
  • Grimeamazon, Amazona kawalli, Kawall's Parrot, NT, Grantsau & Camargo, 1989
  • Keisaramazon, Amazona imperialis, Imperial Parrot, EN, Richmond, 1899
  • Eldhaleamazon, Amazona brasiliensis, Red-tailed Parrot, VU, Linné, 1758
  • Kongeamazon, Amazona guildingii, St. Vincent Parrot, VU, Vigors, 1837
  • Oransjevengamazon, Amazona amazonica, Orange-winged Parrot, LC, Linné, 1766
  • Andesamazon, Amazona mercenarius, Scaly-naped Parrot, LC, Tschudi, 1844

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ridgeley, Robert et al, side 199
  2. World Association of Zoos and Aquariums White-fronted amazon Lese 28. februar 2012
  3. BirdLife Species Factsheet: Om dvergamazon Lese 28. februar 2012
  4. BirdLife Species Factsheet: Om keisaramazon Lese 28. februar 2012
  5. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]