Ambassadørane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Holbein den yngre sitt måleri Ambassadørene frå 1533.

Ambassadørane er eit berømt måleri frå 1533 av den tyske målaren Hans Holbein den yngre (1497-1543). Biletet er eit kombinert dobbeltportrettet og stilleben og eit høgdepunkt innan renessansemåleria.

Den anamorfiske hovudskallen sett i forkortning frå sida.

I måleriet vert det framstilt stoltheit over humanismen, og ein fullstendig erkjenning av karakteren hans. Ved føtene til dei to ambassadørane, under emblema frå ulike kunnskapsdisiplinar, kan ein skimta ein forteikna hovudskalle, ein såkalla anamorfose. Denne kan kjennast att om ein ser måleriet frå sida. Hovudskallen er kanskje eit symbol på at alt er forgjengeleg, og at døden er det einaste sikre i livet.

Det var lenge usikkert kven modellane til personane på biletet var, men ein reknar no med at det viser Jean de Dinteville (1504-1555), den franske ambassadøren til England i 1533, og, på høgre side, François de Dinteville (1498-1554), biskop av Auxerre og fransk amabssadør til Roma frå 1531 til 1533.