Amblève

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amblève
Aywaille: brua over Amblève
Aywaille: brua over Amblève
Utspring Nær Büllingen
Munning Ourthe
Land i nedslagsfelt Belgia
Lengd 76 km
Sideelvar Warche og Salm

Amblève (fransk namn; på tysk Amel) er ei 76 km lang elv i austlege delar av Belgia i provinsen Liège, og ei av sideelvene til elva Ourthe frå høgre. Ho har sitt utspring nær Büllingen i Hautes Fagnes, nær grensa til Tyskland. Ho har mellom anna sideelvene Warche og Salm. Amblève renn gjennom landsbyane Amel, Stavelot, Trois-Ponts, Remouchamps og Aywaille. Ved Coo, nær Trois-Ponts, er det eit velkjend fossefall. Amblève munnar ut i elva Ourthe i Comblain-au-Pont.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amblève