Ambrosius Holbein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ambrosius Holbein

Hans Holbein den eldre sitt portrett av sønene Ambrosius og Hans.
Statsborgarskap Sveits, Tyskland
Fødd 1494
Augsburg
Død

1519 (25 år)
Basel

Yrke kunstmålar, grafikar, teiknar, grafikar
Far Hans Holbein den eldre
Ambrosius Holbein på Commons

Ambrosius Holbein (fødd ca. 1494 i Augsburg, død ca. 1519 i Basel) var ein tysk målar og grafikar.

Portrett av ein gut med blondt hår (1516)

Ambrosius Holbein var son til Hans Holbein d.e. og eldre bror til Hans Holbein den yngre. Han fekk truleg utdanning i verkstaden til faren i Augsburg før han nokre år reiste rundt og tok målaroppdrag og gjorde studiar. I 1515 deltok han i utsmykkinga av hovudhallen i eit kloster i Stein am Rhein. Frå seint i 1515 var han og broren, Hans Holbein d. y., truleg tilknytt verkstaden til Hans Herbst i Basel. I 1517 vart Ambrosius Holbein teken opp i kunstarlauget Zum Himmel i Basel, og i 1518 fekk han borgarstatus i byen. Han utførte illustrasjonsoppdrag for forleggjarane i Basel, og han måla portrett og tok på seg utsmykkingsoppdrag, på same viset som faren og broren.

Det finst ingen spor etter han verken i arkiv eller andre stader etter 1519, og ein held det for truleg at han må ha døydd det året eller kanskje året etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Oskar Bächtsmann and Pascal Griener - Hans Holbein Princeton University Press, Princeton, USA 1997
  • «Ambrosius Holbein», henta frå Wikipedia på tysk 27. august 2006, som oppgjev denne kjelda:
    • Katalog for utstillinga Die Malerfamilie Holbein in Basel, Kunstmuseum, Basel 1960

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ambrosius Holbein