America av Simon & Garfunkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
America
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Bookends
B-side «For Emily, Whenever I May Find Her»
Utgjeve 3. april 1968 (album)
1972 (singel)
Innspelt oktober 1967 - februar 1968
Sjanger Folkrock
Lengd 3:34
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent Simon & Garfunkel
Roy Halee
Simon & Garfunkel-kronologi
«El Condor Pasa (If I Could)»
(1970)
America «For Emily, Whenever I May Find Her»" (live)
(1972)

«America» er ein song skriven av Paul Simon og spelt inn av Simon & Garfunkel for albumet Bookends i 1968.

Songen vart gjeven ut som singel i 1972, samstundes med albumet Simon and Garfunkel's Greatest Hits, og nådde 97. plass på den amerikanske singellista. B-sida på singelen, «For Emily, Whenever I May Find Her», gjorde det uventa mykje betre og nådde 53. plass.

I songen vert byane Saginaw og Pittsburgh; New Jersey Turnpike; ein Greyhound-buss; og Mrs. Wagner's Pies nemnd. Songen omhandlar ei fysisk og metaforisk reise for to kompanjongar som leiter et den verkelge meininga i Amerika. På eit metaforisk nivå vert håpløysa til ein kjæraste snudd om til angst og kanskje sorg. Bokstavleg talt skildrar songen ei reise austover gjennom Amerika, som endar opp i New York City.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart omarrangert av progrockbandet Yes i 1971. Yes la til element som var typisk for progrock, som taktendringar og lange instrumentale parti. Den komplette versjonen varte over 10 minutt og finst på albumet The New Age of Atlantic og seinare samlealbumet Yesterdays i 1975, samt på nyutgjevinga av Fragile i 2003. Ei forkorta utgåve vart gjeven ut på singel og nådde 46. plass på listene.

David Bowie framførte ei enkel utgåve av songen under The Concert for New York City, som vart halde etter terroråtaka 11. september 2001. Bowie framførte songen sitjande med ein mikrofon og ein Suzuki Omnichord.

Josh Groban song songen på konsertalbumet Live at The Greek.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]