American Dream av CSNY

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
American Dream
Studioalbum av Crosby, Stills, Nash & Young
Utgjeve 1. november 1988
Innspelt 24. april 1987 - 16. september 1988
Sjanger Rock
Lengd 57:31
Selskap Atlantic
Produsent Niko Bolas, David Crosby, Stephen Stills, Graham Nash, Neil Young
Kritikk
Crosby, Stills & Nash-kronologi
Allies
(1983)
American Dream Live It Up
(1990)

American Dream er eit album av Crosby, Stills, Nash & Young frå 1988. Albumet var det første studioalbumet til kvartetten på 18 år og det var knytt stor forventning til utgjevinga. Låtskrivinga til alle medlemmene var derimot på eit lågnivå, men harmoniane deira var framleis intakt. Kritikarane fann likevel songane for rolege og banale. Tittelsongen var skriven av Neil Young og var ein satire om sensasjonelle politiske skandalar og nemnde Oliver North og tidlegare presidentkandidat Gary Hart. «Got It Made» var skriven av Stephen Stills med hjelp frå Young, talte til dei tidlegare tilhengjarane til CSNY som ønskte at bandet skulle hugse den tidlegare idealismen sin, samstundes som dei sjølv levde lukkelege og trygge privatliv. «Compass» av David Crosby er ein song om kor mykje tid han hadde kasta bort på dop.

American Dream var meint å vere eit konseptalbum om den amerikanske draumen, men verken kritikarane eller tilhengjarane klarte å sjå den store samanhengen. Rolling Stone-kritikaren Anthony DeCurtis skreiv, «trass i behaglege melodiar, ein og annan interessant song og dei gode harmoniane, er American Dream stort sett keisam.» I boka The Worst Rock and Roll Records Of All Time skreiv Jimmy Guterman og Owen O'Donnell særleg vondt om albumet, og kåra American Dream til det fjerde verste albumet nokon sinne.

David Crosby, var faktisk delvis samd om at albumet hadde for mange songar og at låtane ikkje alltid var av dei beste.

American Dream nådde 16. plass på den amerikanske albumlista og selde til platina. Young gjekk vidare etter dette og fekk nytt liv i solokarrieren sin, medan trioen turnerte i lag og stundom gav ut nye album.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «American Dream» (Young) 3:15
2. «Got It Made» (Stills/Young) 4:36
3. «Name of Love» (Young) 4:28
4. «Don't Say Goodbye» (Nash/Vitale) 3:23
5. «This Old House» (Young) 4:44
6. «Nighttime for the Generals» (Crosby/Doerge) 4:20
7. «Shadowland» (Ryan/Nash/Vitale) 4:33
8. «Drivin' Thunder» (Stills/Young) 3:12
9. «Clear Blue Skies» (Nash) 3:05
10. «That Girl» (Stills/Vitale/Glaub) 3:27
11. «Compass» (Crosby) 5:19
12. «Soldiers of Peace» (Nash/Doerge/Vitale) 3:43
13. «Feel Your Love» (Young) 4:09
14. «Night Song» (Stills/Young) 4:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Crosby, Stills, Nash & Young

  • David Crosby solovokal (6,11), akustisk gitar (9,11), korvokal
  • Stephen Stills solovokal(2,8,10,14), elektrisk gitar (3,4,6,8,9,10,14), keyboard (1,2), bass-synth(4), gitarsolo(6), perkusjon(8), akustisk gitar(12), synthar(14), handklapp(14), bass (14), korvokal
  • Graham Nash solovokal(4,7,9,12), piano (4), elektrisk gitar (6), lydeffektar(7), keyboard (9), korvokal
  • Neil Young solovokal(1,3,5,8,13,14), elektrisk gitar (1,2,3,4,6,7,8,9,10,12,14), perkusjon(3,13), piano (4), alle instrument (5), munnspel (11), akustisk gitar(13), korvokal

Andre medverkande