American Stars 'N Bars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
American Stars 'n Bars
Studioalbum av Neil Young
Utgjeve 13. juni 1977
Innspelt 13. desember 1974 til 4. april 1977
Quadrafonic i Nashville; Wally Heider Studios i Hollywood; Broken Arrow Ranch i Redwood City i California; Indigo Recording Studio i Malibu
Sjanger Rock, folkrock, countryrock
Lengd 37:54
Selskap Reprise, Warner Bros.
Produsent Neil Young & David Briggs med Tim Mulligan, Elliot Mazer
Kritikk
Neil Young-kronologi
Long May You Run
(Stills-Young Band, 1976)
American Stars 'n Bars Comes a Time
(1978)

American Stars 'n Bars er eit studioalbum av Neil Young som kom ut i 1977. Albumet inneheldt «Like a Hurricane», ein av dei mest kjende songane til Young. Albumet vart produsert av Neil Young og David Briggs med Tim Mulligan bortsett frå «Star of Bethlehem» av Elliot Mazer. Plateomslaget vart laga av venen til Young, skodespelaren Dean Stockwell. Sjølv om albumet opphavleg fekk god kritikk, vart ikkje albumet gjeven ut på CD før i 2003.[1] Den første CD-utgåva var ein HDCD-koda nymastra versjon.

I følgje William Ruhlmann,

Neil Young gjorde eit poeng ut av å liste opp når songane vart innspelt på American Stars 'n Bars; datoane er til og med trykte på plateomslaget. Dei syner at songane hadde vorte spelt inn i fire bolkar heilt tilbake til 1974. Men sjølv med slik dokumentasjon, hadde det vore lett å seie at albumet er ei stilmessig suppe. Den første sida består av country-aktige songar med steelgitar og fele, samt korvokal frå Linda Ronstadt og den då ukjende Nicolette Larson, medan dei fire songane på side to varierer frå akustiske solosongar som 'Will to Love' til rockesongar som 'Like a Hurricane.' 'Will to Love' er eit særleg skummelt og ambisiøst stykke, som strekkjer den romantiske metaforen med ein laks som sym oppover ei elv til sju minuttar. Høgdepunktet på albumet er 'Like a Hurricane,' ein av dei klassiske hardrocksongane og gitarsoloane til Young, som har vorte ein konsertfavoritt.[2]

«Star of Bethlehem» var opphavleg meint for Homegrown, og det same var ei tidlegare utgåve av songen «Homegrown».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «The Old Country Waltz»   2:58
2. «Saddle Up the Palomino» (Neil Young, Tim Drummond, Bobby Charles) 3:00
3. «Hey Babe»   3:35
4. «Hold Back the Tears»   4:18
5. «Bite the Bullet»   3:30
Side to
# Tittel Lengd
6. «Star of Bethlehem»   2:42
7. «Will to Love»   7:11
8. «Like a Hurricane»   8:20
9. «Homegrown»   2:20

Innspelingar og medverkande[endre | endre wikiteksten]

November 1974[endre | endre wikiteksten]

November 1975[endre | endre wikiteksten]

Mai 1976[endre | endre wikiteksten]

  • «Will to Love»
    • Neil Young - alle instrument, vokal

April 1977[endre | endre wikiteksten]

  • «The Old Country Waltz», «Saddle Up the Palomino», «Hey Babe», «Hold Back the Tears» & «Bite the Bullet»
    • Neil Young, Crazy Horse & the Bullets:
      • Neil Young - akustisk & elektrisk gitar, vokal
      • Frank «Poncho» Sampedro - akustisk & elektrisk gitar
      • Billy Talbot - bass
      • Ralph Molina - trommer
      • Ben Keith - pedalsteelgitar
      • Carole Mayedo - fiolin
      • Linda Ronstadt - vokal
      • Nicolette Larson - vokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paul Nelson American Stars 'N' Bars rollingstone.com, Aug 11, 1977
  2. «Ruhlmann, William. American Stars 'n Bars». Warner Bros. Records. http://allmusic.com/album/american-stars-n-bars-r53076/review. Henta 28. oktober 2010.