Amerikanske skjeggfuglar
| Amerikanske skjeggfuglar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Piciformes | |
| Slekter | ||
| Vitskapleg namn | ||
| Capitonidae | ||
Amerikanske skjeggfuglar er ein biologisk familie Capitonidae, i ordenen Piciformes som lever i fuktige skogar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Som andre skjeggfuglar er dei er tett nærskylte til tukanar.
Amerikanske skjeggfuglar er for det meste trelevande fuglar som hekkar i hole tre. Dei et frukt og insekt. Desse fuglane er ikkje trekkfuglar.
To artar av amerikanske skjeggfuglar er oppført som trua av IUCN: kvitryggskjeggfugl i Colombia er oppført som trua, utbreiinga er trua av avskoging ved utviding av landbruksareal, inkludert kokaplantasjer, og gruvedrift. Den relativt nyleg oppdaga arten raudbelteskjeggfugl i Peru er truleg sårbar på grunn av liten populasjon, rekna til under tusen fuglar, sjølv om habitatet ikkje er umiddelbart trua.
Taksonomi [endre]
Capitonidae var tidlegare ein parafyletisk familie av alle skjeggfuglar, men no vanlegvis rekna som sin eigen familie avgrensa av dei amerikanske slektene Capito og Eubucco.
Artslista [endre]
Amerikanske skjeggfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]
Slekt Capito
- Gullbrystskjeggfugl, Capito aurovirens
- Amazonskjeggfugl, Capito dayi
- Flekkroneskjeggfugl, Capito maculicoronatus
- Eldpanneskjeggfugl, Capito squamatus
- Kvitryggskjeggfugl, Capito hypoleucus
- Raudbelteskjeggfugl, Capito wallacei
- Femfargeskjeggfugl, Capito quinticolor
- Brunbrystskjeggfugl, Capito brunneipectus
- Auroraskjeggfugl, Capito niger
- Gyllenpanneskjeggfugl, Capito auratus
Slekt Eubucco
- Sitronstrupeskjeggfugl, Eubucco richardsoni
- Inkaskjeggfugl, Eubucco tucinkae
- Raudhovudskjeggfugl, Eubucco bourcierii
- Fleirfargeskjeggfugl, Eubucco versicolor
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen starta med stoff frå «Capitonidae» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2011
Referansar [endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)