Amfibisk krigføring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marineinfanteristar frå 3. marineinfanteridivisjon går i land ved Bougainville.

Amfibisk krigføring innebèr åtak på landbaserte mål med militære styrkar frå skip. Amfibisk krigføring krev landgangsfartøy eller helikopter for å transportera soldatar til land frå skipa som har ført dei til området.

Målet med å setja soldatar i land frå skip er å avslutta konfliktar. Rein sjøkrig har sjeldan ein avgjerande effekt, og marsj over land er ikkje alltid eit alternativ. Mange land har eigne styrkar med marineinfanteri for dette føremålet. For tida er USA sitt United States Marine Corps det største, og det einaste med eige flyvåpen. Halvparten av marineinfanteristane i verda høyrer heime i denne avdelinga.

Eit amfibisk åtak er ein av dei mest vanskelege militære operasjonane. Det krevst koordinering av eld frå skip og luftfartøy, medan bakkestyrkane skal setjast i land på ei kystlina som er kontrollert av fienden – som ofte har ein enorm fordel på grunn av det opne landskapet på dei fleste strender.

Invasjonen av Normandie, Slaget om Iwo Jima og Falklandskrigen er nokre av dei mest vidgjetne amfibiske operasjonane i historia.

Ei planlagd militær landsetjing som går føre seg utan kamphandlingar vert kalla ei administrativ landsetjing.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Japanske skip rundt 1243, fylt med fotsoldatar.

I krigane mellom Hellas og Persarriket i 499–448 f.Kr. og dei peleponnesiske krigane vart det brukt landgangsoperasjonar. Den første amfibiske operasjonen ein kjenner til er då grekarane, i følgje Homer i Iliaden, sette styrkar i land på stranda nær Troja. Det første kjende åtaket på ei strand var i slaget ved Marathon i 490 f.Kr.. Persarane etablerte eit bruhovud i eit forsøk på å invadera Hellas. Dei hadde modifiserte skip med ramper for hestane, ein forgjengar til moderne landgangsfartøy.

Romarane tok Kartago med ein landgangsoperasjon i 202 f.Kr., og Julius Cæsar gav jamvel styrkane sine særskilt trening i landgangar før han invaderte England i 55 f.Kr.[treng kjelde]. Engelskmenna vart òg slegne av Vilhelm Erobraren etter ein landgang ved Hastings i 1066[treng kjelde].

Mongolane freista å ta Japan med en invasjonsflåte på 1200-talet, men lukkast ikkje[treng kjelde]. Japanarane invaderte Korea seint på 1500-talet men vart slegne attende to gonger av flåten til den koreanske admiralen I Sun-sin[treng kjelde].

Under den amerikanske revolusjonen i 1776 storma amerikanske styrkar Britisk Bahamas[treng kjelde]. Skipskanoner gjorde no at flåten kunne stø soldatane som gjekk i land, men samstundes vart det utvikla kystartilleri, som var eit trugsmål mot flåten. Krigsskip måtte no byrja å eskortera handelsskipa som kom med menn, utstyr og forsyningar. Under den amerikanske borgarkrigen sette nordstatsmarinen gong på gong små styrkar i land både langs kysten og oppover elvane. Sørstatsgeneralen Robert E. Lee uttalte at «Kvar flåten enn kan sendast kan me ikkje stå imot landsetjingane... Me har ingenting som kan stå imot det tunge skytset hans.»

Under den spansk-amerikanske krigen utvikla marinen i USA nye taktikkar for landsetjingar. Dei mest kjende trefningane er då 650 marineinfanteristar tok Guantánamo Bay og 16 000 soldatar vart landsette ved SantiagoCuba, sjølv om den sistnemnde styrken stort sett mislukkast i krigsmåla sine[treng kjelde].

Første verdskrigen og mellomkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Britiske soldatar i mai 1915 gjer seg klare til å gå i land ved Gallipoli

Under første verdskrigen var moderne amfibisk krigføring enno eit ungt felt. Både taktikk og utstyr var enkelt og ofte improvisert.

Under denne perioden var britiske Royal Marine Light Infantry (RMLI) stort sett i bruk som militærpoliti og kanonmannskap ombord på krigsskip. Dei vart i 1914 slegne saman med divisjonen Royal Naval Division, som var sett opp av Royal Navy. Meininga var at dei skulle kjempa på land. Trass i dette måtte hærstyrkar utgjera hovudtyngda av kampstyrkane i landgangsoperasjonar gjennom krigen. RMLI vart på 1920-talet slege saman med Royal Marine Artillery til Royal Marines.

Den første landgangen i første verdskrigen var i 1914 og enda i katastrofe. Ein større styrke frå den den britisk-indiske hæren vart sende for å gå i land ved byen Tanga i det som då heitte Tysk Austafrika. Tyskarane der oppdaga dei britiske førebuingane og rakk å førebu seg på invasjonen. Resultatet var at dei britisk-indiske styrkane måtte trekkja seg ut med store tap og utan det tyngre utstyret sitt[treng kjelde].

Den allierte invasjonen mot Det osmanske riket i slaget om Gallipoli i 1915 var ein enno større katastrofe enn Tanga. Soldatar rodde i land i opne kvalbåtar eller vart frakta inn med slepebåtar. Dei uerfarne allierte soldatane vart praktisk talt slakta ned av dei osmanske forsvararane. Mange kom seg ikkje eingong ut av båtane. Ved den andre landgangen ved Suvla i august var dei utstyrte med føregjengaren til moderne landgangsfartøy, den pansra «Beetle» (engelsk: Billa). 489 000 soldatar vart sette inn på alliert sida, og av desse vart 252 000 drepne, skadde eller sjuke. Tala for dei tyrkiske forsvararane var rundt ein halv million mann i forsvar, og rundt halvparten av desse drepne, skadde eller sjuke[treng kjelde].

I mellomkrigstida utvikla USA spesialisert utstyr for landgangar. Nye landgangsfartøy og amfibiske køyretøy vart prøvde ut. Skipa vart lasta slik at ein kunne lossa dei på ein føremålstenleg måte; ikkje slik som tidlegare, då ein berre la vekt på å få med seg mest mogleg. I 1910 hadde marinekorpset etablert skulen for amfibiekrigføring som dei hadde i New London i Connecticut. Under general John Lejeune utvikla dei ein ny doktrine, publisert i 1934 som Tentative Landing Operations Manual, ein manual som til ein viss grad er aktuell den dag i dag.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Den japanske ekspansjonen fram til 1942 gav dei eit enormt område å forsvara, mykje av det var spreidde øyar.

I løpet av stillehavskrigen vart det gjennomført eit utal landgangsoperasjonar, først under den japanske ekspansjonen, deretter under den allierte «øyhoppinga» for å driva japanarane attende. Japanarane lét dei amfibiske styrkane sine svinna vekk etter framgangen dei hadde hatt fram til 1942, og førebudde seg heller på statisk forsvar av områda dei hadde vunne[treng kjelde]. I mellomtida perfeksjonerte marinekorpset og hæren til USA landgangsoperasjonar. På grunn av den avgrensa storleiken til marinekorpset hadde hæren både fleire landgangsoperasjonar og fleire skip enn marinekorpset. På denne tida tok ein òg i bruk luftborne åtak bak strandlinja i samspel med landgangen.

Presis nærstønad både frå skipsartilleri og fly frå hangarskip hjelpte angriparane i å overvelda forsvararane. Samvirket mellom dei amerikanske våpengreinene sette standarden også for ettertida.

I Europa innsåg dei allierte etter det mislukka Diepperaidet i 1942 at vidareutvikling av amfibisk krigføring var heilt naudsynt før ein kunne setja i verk ein invasjon av det europeiske fastlandet. Ein av dei direkte følgjene av dette var at det vart utvikla mange spesialkøyretøy, særleg for amfibiske operasjonar. Først av desse var Amtrac (kort for Amphibious Tractor), eit amfibisk pansra køyretøy. Marineinfanteriet hadde no eit visst vern i den sårbare perioden fram til dei kom opp på stranda. Amfibielastebilen GMC DUKW, kalla Duck ('and') til vanleg, vart òg teken fram og mykje brukt. Stridsvogner vart også tilpassa symjing eller spesielle oppdrag på stranda. Dette inkluderte «teppelegging» for å betra underlaget for andre køyretøy, fylling av grøfter med røyrbuntar (fascine), minerydding og berging av andre køyretøy.

Dei nye køyretøya spelte ei viktig rolla då invasjonen av det europeiske kontinentet endeleg vart sett i verk gjennom den største landgangsoperasjonen i historia, den allierte landgangen i Normandie. To arméar, ein britisk og ein amerikansk, vart sette i land. Frå 6. juni til slutten av månaden hadde dei allierte fått i land 850 000 mann og 150 000 køyretøy på det europeiske fastlandet[treng kjelde]. Andre kjende landgangar under andre verdskrigen var operasjon Torch i Nordafrika i 1942, landgangen på Sicilia i 1943 og landgangen ved Anzio i 1944.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Russiske BTR-80 amfibiske pansra personellkøyretøy på øving i 1994. Dei same vognene var truleg i sovjetisk teneste nokre år før.

Etter andre verdskrigen vart amfibiske operasjonar mindre viktige, men ikkje uaktuelle. Framleis var det nyttig å halda fienden på tå hev gjennom å kunna trua kystlinene hans. Berre USA oppretthaldt amfibiske styrkar i same skala som under andre verdskrigen, men fekk berre brukt dei til éin stor operasjon i etterkrigstida, nemleg ved Inchon i 1950 under Koreakrigen. Der vart 70 000 mann sette i land bak nordkoreanske liner, noko som letta trykket på SN-styrkane i Pusan og var eit vendepunkt i krigen[treng kjelde]. Etter dette hadde US-amerikanske flåtar marineinfanteri klåre med utstyret sitt på skip i Stillehavet og Middelhavet. Det vart brukt ein eller fleire forsterka bataljonar på rundt 1 800 mann per flåte.

Amfibiske styrkar leia operasjonar i Den dominikanske republikken i 1965[treng kjelde], i Suez-krisa i 1956[treng kjelde] og under Falklandskrigen i 1982[treng kjelde].

Under Golfkrigen deltok ein landsetjingsstyrke på 43 skip med 18 000 marineinfanteristar frå USA[treng kjelde]. Denne styrken batt opp mellom sju og elleve irakiske divisjonar som førebudde seg på ei landsetjing som aldri kom.

Under heile den kalde krigen hadde Warszawapakta ståande amfibiske styrkar for å truga Noreg og landa rundt Austersjøen, Svartehavet og Middelhavet. NATO hadde sine styrkar ståande klåre for mottrekk i de same områda. Amfibiestyrkane vart spådd ei kort framtid under heile etterkrigstida, men finst enno.

Amfibiske operasjonar[endre | endre wikiteksten]

Filippinske marineinfanteristar på amfibisk angrepsøving.

Amfibiske operasjonar vert delte inn i fleire typar, oftast desse fire: Amfibisk landsetjing, amfibisk tilbaketrekking, amfibisk demonstrasjon og amfibisk raid.

Amfibiske styrkar vert òg brukte til andre oppgåver, til dømes evakuering av sivile frå krigssoner og elveoperasjonar. Dette siste har vorte mykje brukt dei siste 20 åra, fordi amfibiske styrkar ofte er dei som eignar seg best til denne typen operasjonar. Eit døme frå nyare tid er då USA, Frankrike og Storbritannia henta ut om lag 4 000 sivile frå Elfenbeinskysten i november 2004[treng kjelde]. Eit anna døme er Operation Assured Response, der USA henta ut 2 440 sivile frå Monrovia i Liberia mellom april og juni 1996[treng kjelde].

Under planlegging av amfibieoperasjonen skal ein koordinere sjøstyrkar, landstyrkar og luftstyrkar. Dette er eit av dei vanskelegaste punkta, og det finst fleire historiske døme på at det kan gå gale. Ulike metodar vert praktiserte, men ein utnemner vanlegvis ein maritim styrkesjef og ein landstyrkesjef. Før styrkane er sette i land er det ofte den maritime styrkesjefen som har kommandoen over landstyrkane.

I planleggingsfasen tek ein høgd for ein del ulike faktorar i tillegg til vanlege militære operasjonar. Nokre av desse er:

  • Posisjonar der amfibiefartøya skal lasta ut mindre fartøy og helikopter må setjast ned på førehand.
  • Ein må finna ut korleis grunnen er ved strendene ein skal landsetja på, både over og under vatn. Ein må òg vita om det er mogleg å rykkja vidare inn i landet frå stranda.
  • Minefelt og hindringar, både på land og i vatnet.
  • Landingssoner for helikopter.
  • Tidspunkt for landsetjinga (D-dag og H-time). Her må ein vurdera mellom anna tidevatn, vêr, føre, lystilhøve og fienden sine disposisjonar.

Amfibisk landsetjing[endre | endre wikiteksten]

Ein amerikansk flåte med ulike klassar skip for amfibisk krigføring undervegs på ei øving.

Amfibisk landsetjing vert rekna for å vera den vanlegaste forma for amfibieoperasjon. Det er ein operasjon gjort frå sjøen mot eit fiendtleg område.

I samband med landsetjingsoperasjonar vert det ofte landsett styrkar frå lufta, bak fienden sine linjer. Dette er for å sikra eigne styrkar for motåtak og for generelt å skapa kaos for fienden. Operasjonen vert nesten alltid understøtta av fly i taktiske og strategiske operasjonar, for å oppretta eit luftherredøme over landgangsområdet.

Konseptet har vore i bruk sidan før Kristi fødsel, og romarane gjorde til dømes bruk av det i eit åtak på Storbritannia i 1. århundre f. Kr[treng kjelde].

I moderne tid vert troppar som skal føreta sjølve landgangen transporterte til kysten av større skip (til dømes eit amfibisk åtaksskip), for deretter å gå om bord i mindre båtar eller amfibiske køyretøy, som kan gå heilt inntil landingsstaden. I dei tilfella der helikopter vert brukte, er dette for å gje sikring til sjølve landgangen eller som ein mindre, avgrensa redningsoperasjon. Det finst òg spesialbygde skip som kan transportera utstyret og soldatane direkte til landingsstaden. USA, Storbritannia og Russland brukar i stor grad luftputefartøy i slike operasjonar, av di dei har høg fart og kan brukast også på land (og slik landsetja styrkane eit godt stykke inn på stranda), i tillegg til «konvensjonelle» skip.

Døme på landsetjing av US Marine Corps[endre | endre wikiteksten]

USS «Fort McHenry» i bakgrunnen, med luftputefartøy og helikopter i gang med landgangsoperasjonen
Luftputefartøy av typen LCAC vert dirigert inn på stranda.
Luftputefartøya lastar av HMMWV feltvogner og LAV-25 pansra personellkøyretøy på stranda.

United States Marine Corps er den dominerande amfibiestyrken i verda i dag. Mange andre nasjonar brukar metodar dei har utvikla, men då i mindre skala enn i dette dømet. Dømet skildrar ein Marine Expedionary Force (MEF) i eit tenkt åtak på en forsvart kyst i moderne tid. Ein MEF er på storleik med ein divisjon, og vert frakta på over 60 skip, med over eit dusin krigsskip som eskorte.

Styrken som nærmar seg den fiendtlege kysten har planlagt operasjonen minst ei veka på førehand. Før dei forlet det amerikanske fastlandet har dei ein travel periode. Skipa som skal brukast kjem dit i tilfeldig rekkjefølgje, men alt utstyret må pakkast på best mogleg måte for landgangsoperasjonen. Viss det er tid gjer divisjonen ein øvingslandgang saman. Det er sjeldan øvingar på divisjonsnivå, så om styrken kan øva saman før den skarpe operasjonen kan ein kanskje unngå dyre og fatale feil. I mellomtida jobbar etterretningsstyrkane hardt for å kartleggja fienden sine posisjonar og moglege mottrekk.

På veg mot kysten gjer flåten forsøk på å anten unngå å verta oppdaga eller å skjula føremålet sitt for fienden. Den samla flåten ynskjer å bruka berre ein dag eller to på å nå den fiendtlege kysten, eit tidsrom som gjev tid for avleiingsmanøvrar, men som likevel gjer tida brukt på sjøen så kort som mogleg. Når styrken nærmar seg kysten går fly frå hangarskipa i gang med åtaket på fienden.

Rundt 40 kilometer frå stranda går skipa ut i åtaksformasjon. I teorien er det då berre nokre få timar til heile åtaksstyrken er på land. To tredelar av soldatane skal landsetjast over stranda – den siste tredelen med helikopter. Minesveiparar har rydda ein serie leier (tilkomstvegar) mot stranda, kvar av dei ein kilometer brei. Sjølve bruhovudet på stranda er rundt fire kilometer breitt. På kvar sida av desse leiene ligg eit kontrollskip. Det eine inneheld den primære kontrolloffiseren og staben hans. Dei ligg fire kilometer ut; utanfor rekkjevidda til maskingeværa, men ikkje utanfor artilleriet si rekkjevidda.

Dei to regimenta som skal setjast i land over stranda lastar opp to av dei tre bataljonane sine, klåre til å gå inn i den første angrepsbølgja. Desse to bataljonane sender inn to kompani kvar. Av ein styrke på 54 000 mann er det om lag to dusin LVTP7 landgangskøyretøy med rundt 700 passasjerar som er den første angrepsbølgja. Den første bølgja brukar rundt 25 minutt på å koma i land. Med intervall på to minutt kjem dei neste bølgjene inn, følgd av stridsvognene, støtteavdelingar og anna personell. I løpet av åtte minutt har 3 000 mann og meir enn 150 pansra køyretøy og artilleri kome i land. I bakre lina ligg seks jagarar og to kryssarar. I lufta er opp til 400 kampfly klåre.

Det tredje regimentet har i mellomtida vorte sette i land med helikopter. Dei har landa 10 til 30 km inne i landet, godt hjelpne av jagarbombarar og kamphelikopter. Den første bølgja er samansett av 65 helikopter som bér ein infanteribataljon og eit batteri med artilleri. Somme gonger er det fleire landingsområde.

Målet no er å rydda stranda og få kopla saman dei ulike bruhovuda. Kamphandlingar føregår til ein har teke eit stort nok bruhovud. Det må kunna romma ein flyplass og eit drivstofflager utanfor rekkjevidda til fiendtleg artilleri. Ein flyplass er på plass i løpet av eit par-tre dagar, og då trekk hangarskipet seg attende. Flyplassen er viktig fordi transporten av forsterkningar og forsyningar over stranda fører til stor slitasje på utstyret. Tap på grunn av mekaniske feil er like store sakn som tap i kamp.

Amfibisk tilbaketrekking[endre | endre wikiteksten]

Ved ei amfibisk tilbaketrekking tek ein ut eigne styrkar frå ein fiendtleg kyst eller ein kyst ein reknar med er fiendtleg. Dette gjer ein for å evakuera slagmarka, flytta styrkane raskt til ein annan stad eller rett og slett for å henta ut styrkar som har gjennomført oppdraget sitt.

Ein kompliserande faktor her kan vera at styrkane ein hentar ut ikkje er trena i amfibiestrid, noko som gjer jobben til marinestyrkane vanskelegare.

Den mest kjende operasjonen av denne typen er tilbaketrekkinga frå Dunkerque i 1940, der britane måtte mobilisera så å seie alt som kunne flyta på kanalkysten for å henta ut slegne britiske og allierte styrkar frå Dunkerque under åtak frå tyske styrkar.

Amfibisk demonstrasjon[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein villeiande operasjon for å forvirra fienden. Han kan gjennomførast for å maskera føremålet sitt eller storleiken på sine eigne styrkar. Gjennomføringa kan vera ved å segla styrken mot ein annan stad enn der landsetjinga skal finna stad, eller å setja i land mindre styrkar.

I Golfkrigen i 1991 praktiserte USA denne taktikken i stor skala, og batt opp nesten ein firedel av styrkane Irak hadde i området[treng kjelde].

Amfibisk raid[endre | endre wikiteksten]

Et amfibisk raid eller strandhogg er ein operasjon som utnyttar skjul og snøggleik for å overraska motstandaren. Målområdet vert berre okkupert mellombels, og operasjonen vert følgd av ei rask planlagd tilbaketrekking.

Denne taktikken vart praktisert av norske vikingar frå seint i jarnalderen. I nyare tid vart det utført ein del raid på norskekysten av britiske og norske kommandosoldatar under andre verdskrigen. Det mest kjende er kanhende Måløyraidet[treng kjelde].

Teknologi[endre | endre wikiteksten]

Fartøy[endre | endre wikiteksten]

To amerikanske LSTar på stranda i 1944. Legg merke til kor høgt propellane og rora sit.
Amerikansk Landing Craft, Vehicle, Personnel (LCVP) også kjend som Higgins-båt, brukt under andre verdskrigen
Den innvendige dokken på USS «Fort McHenry», ein moderne LSD.

Det har alltid vore trong for spesialfartøy ved amfibieoperasjonar. Eit tidleg døme på dette er langskipa til vikingane. Kombinasjonen av god framdrift både med segl og årer og flat botn gjorde dei godt eigna til landsetjing.

I nyare tid var andre verdskrigen perioden der fartøy for amfibiekrigføring hadde størst utvikling. Det er mange ulike typar og kategoriar. Ein kan dela dei grovt inn i større fartøy som er eigna for oversjøisk fart og mindre farkostar som vert brukte til å føra i land folk og materiell frå dei større fartøya.

Større amfibiske fartøy kan delast inn i åtte kategoriar:

  • LHA – (Amphibious Assault Ship General Purpose) er mellom dei største skipa og har både dokk, helikopterdekk og hangar. Eit døme er den amerikanske Tarawa-klassen på om lag 40 000 tonn.
  • LHD – (Amphibious Assault Ship Multipurpose) liknar LHA, men kan òg brukast for kampfly av STOVL-typen (Short Take-Off Vertical Landing) som Harrier. Eit døme er den US-amerikanske Wasp-klassen på rundt 40 500 tonn.
  • LPD – (Landing Platform Dock) har dokk for landgangsfarkostar, plass for køyretøy og eit lite helikopterdekk med hangar. Eit døme er den nederlandske Rotterdam-klassen på omtrent 13 000 tonn.
  • LPH – (Landing Platform Helicopter) er ein type med god plass for helikopter men utan intern dokk. Eit døme er den britiske Ocean-klassen på rundt 22 000 tonn.
  • LCC – (Amphibious Command Ship) er kommando- og kontrollskip for ein sams styrkesjef. Det bèr i tillegg noko materiell og troppar. Dei einaste som har slike skip er den US-amerikanske marinen, og dei har to. Dei er av Blue Ridge-klassen og er på om lag 17 000 tonn.
  • LSD – (Landing Ship Dock) er ofte lik LPD, men har ikkje utstyr for helikopteroperasjonar. Eit døme er den US-amerikanske Whidbey-klassen på rundt 16 000 tonn.
  • LSL – (Landing Ship Logistic) er eit forsyningsfartøy som kjem med i den andre bølgja av eit amfibieåtak. Eit døme er den britiske Lyme Bay-klassen på rundt 16 000 tonn.
  • LST – (Landing Ship Tank) er ein større landgangsfarkost, faktisk så stor at han er havgåande. Trass i dette kan han gå heilt opp på stranda og setja i land køyretøy og soldatar gjennom ei rampa i baugen. Eit døme er den US-amerikanske Newport-klassen.

Moderne landgangsfarkostar kan delast inn i tre hovudgrupper; LCU, LCAC og LCVP.

  • LCU – (Landing Craft Utility) er den farkosten som vanlegvis tek mest last. Avhengig av typen kan dette vera frå ein til fire stridsvogner eller enno fleire lastebilar eller lettare køyretøy. Eit døme er den US-amerikanske LCU 2000-klassen på 584 tonn.
  • LCAC – (Landing Craft Air Cushion) er luftputefarkostar som er like store som ein LCU. Dei kan ta mindre last, men går til gjengjeld to til fire gongar så fort. Eit døme er den russiske Lebed-klassen.
  • LCVP – (Landing Craft Vehicle and Personell) er den minste klassen og har kapasitet til å ta 20 til 60 soldatar eller eitt til to mindre køyretøy. Desse er så små at dei kan hengja på sida av eit fartøy i davitar.

Køyretøy[endre | endre wikiteksten]

Ein Sherman DD, ein spesiell versjon som vart teken fram for symjing i samband med landgangar.

LVT-/AAVP-serien[endre | endre wikiteksten]

USA har utvikla ein serie av amfibiske køyretøy for å ta infanteriet relativt verna opp på stranda. Den siste inkarnasjonen er AAVP7A1. Den første forgjengaren var Roebling Alligator, utvikla mellom 1932 og 1937. Farten i vatnet var først om lag 4 km/t, noko som var lite praktisk. Med større maskinar gjekk det litt fortare, og etterfølgjaren Crocodile kom i 1940 og kunne nå om lag 15 km/t i vatn og 40 km/t på land.

LVT-1 var ein kopi av Crocodile, bortsett frå at han var laga i stål i staden for aluminium. Han var difor tyngre, og hadde litt dårlegare yteevne. Dei var ikkje væpna, og vart i byrjinga berre brukte til å føra fram forsyningar. Ved slaget om Tarawa vart panserplater bolta på og ein del .30 kaliber mitraljøser hengde på. LVT-1 var i produksjon frå 1941 til 1943.

Neste generasjon var LVT-2, i produksjon frå 1942 til 1945. Dei vart produserte i ei rekkje variantar og vart seinare oppdaterte og var i teneste til midt på 1950-talet.

Seinare kom LVT-3, LVT-4 og LVT-5, og midt på 1950-talet kom den nye LVTP5-serien. Etter den kom LVTP7, som skifta namn til AAVP7, som er den versjonen som er i teneste i dag.

Andre køyretøy[endre | endre wikiteksten]

Detalj av propellen på eit fransk Renault VAB pansra personellkøyretøy

Sovjetiske pansra personellkøyretøy var i etterkrigstida tradisjonelt amfibiske. Dette vart hovudsakleg gjort for å letta elvekryssingar, men då Sovjetunionen oppretta marineinfanteriet sitt att i 1961 utnytta dei òg eigenskapane til desse køyretøya. BTR-60 var i teneste frå 1961, og den nye og betre varianten BTR-60PB vart standardkøyretøy for marineinfanteriet. Dette køyretøyet og seinare variantar (BTR-70 og BTR-80) har åtte hjul, med styring på dei to fremre akslane, både på land og i vatn. Ein vassjet sørgjer for framdrifta i vatnet. BTR-ane opererte saman med den amfibiske lette stridsvogna PT-76 i landsetjingsfasen, men vart forsterka med konvensjonelle stridsvogner og andre kampkøyretøy så snart som mogleg.

Ei rekkje andre lettare pansra køyretøy, både i Vesten og austblokka, er òg amfibiske, men dette har som regel vore for at dei skal kunna ta seg over elvar og vatn. Amfibiske upansra køyretøy eksisterer òg, til dømes Hägglunds Bv206 som er i bruk mellom anna av det norske forsvaret.

Kjende amfibieavdelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjende amfibiske operasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Slaget om Gallipoli - allierte styrkar invaderte Gallipoli-halvøya under fyrste verdskrigen. Det heile enda i katastrofe. (1915)
  • Operasjon Dynamo - tilbaketrekkinga av britiske og franske styrkar frå Dunkerque under andre verdskrigen (1940)
  • Måløyraidet - britiske styrkar med norsk hjelp raida tyske installasjonar ved Måløy (1941)
  • Operasjon Neptune - den allierte landgangen i Normandie, verdas største amfibieoperasjon (1944)
  • Slaget om Iwo Jima - ein av dei største landgangane i Stillehavet (1945)
  • Falklandskrigen - britiske styrkar tek tilbake Falklandsøyane frå Argentina, svært langt frå britiske basar (1982)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amfibisk krigføring

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen er omsett frå Amfibisk krigføring på Wikipedia på bokmål, slik artikkelen var 26. september 2006. Opphavspersonen til artikkelen er Harald Hansen

Nytt fra KOF er tidsskriftet til Kystartilleriets offisersforening.

God artikkel