Amfibium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amfibium


Ei padde
Ei padde

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Amphibia
Vitskapleg namn
Amphibia

Amfibium eller padder er firbeinte eller sekundærte beinlause dyr som lever både på land og i vatn og manglar amniotiske egg. Dei er vekselvarme, det vil seie at kroppstemperaturen er avhengig av omgjevnadane, og er i stand til å pusta over kroppsflata. Det er beskrive rundt 6000 nolevande artar, mange sterkt truga av utrydjing. Amfibia omfattar froskar, padder, salamandrar og ormeamfibium.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Dei første store amfibiegruppene utvikla seg i devontida frå ferskvasslevande kvastfinnefisk (eller lungefisk?) med finnar omdanna til bein. Fleire artar på denne tida kunne bli fleire meter lange, noko berre særs få japanske salamandrar gjer dei etter i dag. Me reknar me at desse dyra erobra landjorda for å unngå å bli jakta på, men dei møtte òg eit par utfordringar der oppe: Dei hadde korkje vasstett skinn eller vasstette egg, og hovudføda deira var framleis i vatnet.

I karbontida flytta amfibia seg opp i næringskjeda og fekk ei rolle som tilsvarar den krokodillane har i dag. Dei åt både store insekt, som levde på land, og fisk som levde i vatn. Gjennom permtida og tidleg trias vart dei derimot utkonkurrerte av proto-krokodiller; krypdyr som overtok nisjene deira. Dette førte til at amfibia migrerte til kaldare strøk (sidan dei i motsetnad til urkrokodillane kunne gå i dvale) eller vart mindre.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]