Amfiteater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Segeste teater på Sicilia

Eit amfiteater (av gresk amfi og theatron, 'teater på begge sider') er i utgangspuktet eit teater med sitteplassar (tribunar) på begge sider av, eller heilt rundt, ei sentral scene. Scena var alltid plassert på det lågaste punktet. Amfiteatra oppstod i det antikke Hellas. Slike teater har god akustikk.

I Romarriket vart amfiteater bygd for sportslege aktivitetar og underhaldning, som gladiatorkampar mot ville dyr og menneske, kampar mellom ville rovdyr. Teatra var helst opne (utan tak) friluftsbygg, gjerne kringsatt av dekorerte veggar av stein. Det mest kjente amfiteatret er Colosseum i Roma, som romma kring 50 000 tilskodarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amfiteater
Spire Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.