Amiata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Monte Amiata
Monte Amiata -
Høgd over havet 1 738 moh
Ligg i/på Toscana i Italia
Fjellkjede Antiappenninane
Koordinatar 42°53′17″N 11°37′22″EKoordinatar: 42°53′17″N 11°37′22″E

Monte Amiata er eit fjell i Antiappenninane i Toscana i Italia med ei høgd på 1 738 meter over havet. Det ligg i provinsane Grosseto og Siena.

Amiata er ein gamal, utdøydd vulkan med vulkansk stein og små innsjøar. Vatn frå fjellet fyller Fiora-akvedukten, som gjev vatn til mykje av det sørlege Toscana og område nord i Lazio. Elvane Fiora og Albegna har sine utspring her, sistnemnde i Buceto, som er ein utstikkar sørvest for sjølve massivet.

Hovudnæringa i området er kastanjer, tømmer og i aukande grad turisme (skistader finst ved Prato delle Macinaie, Prato della Contessa, Rifugio Cantore og Pian della Marsiliana). I dei lågareliggande områda finn ein oliventre vinranker. Anna vegetasjon er mellom anna bøk og furu. I antikken vart det utvunne sinober her.

Amiata omfattar kommunane Abbadia San Salvatore, Arcidosso, Castel del Piano, Piancastagnaio, Santa Fiora og Seggiano, alle i ei høgd på mellom 600 og 800 meter over havet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]