Amiksjøen

Koordinatar: 36°18′N 36°18′E / 36.300°N 36.300°E / 36.300; 36.300
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amiksjøen eller Antiokiasjøen (tyrkisk Amik Gölü) var ein stor innsjø i Orontesvassdraget i provinsen Hatay i Tyrkia. Han låg nordaust for den antikke byen Antioka (dagens Antakya). Innsjøen vart drenert frå 1940-åra til 1970-åra.

Amiksjøen hadde eit areal på 300-350 kvadratkilometer, og flatevidda auka i flaumperiodar.[1] Han var omgjeven av omfattande myrområde. På 1900-talet budde det kring 50 000 innbyggjarar i 70 landsbyar kring innsjøen, som nytta han til mellom anna fiske og jordbruk. Innsjøen var òg eit særs viktig område for trekkfugl, særleg storkar og pelikanar. Her var òg endemiske fugle- og fiskeartar. Då innsjøen vart drenert døydde dei endemiske artane ut og det biologiske mangfaldet i regionen vart ytterlegare øydelagd då Hulasjøen nord i Israel òg vart drenert i 1950-åra.

Innsjøen vart drenert for å nytta området til å dyrke bomull og for å utrydde malariaen som stundom herja området. I 2007 vart Hatay lufthamn tidlegare bygd der innsjøen tidlegare var.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

36°18′N 36°18′E / 36.300°N 36.300°E / 36.300; 36.300