Aminadav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aminadav
עַמִּינָדָב, Amminadav
landsby
Aminadavskogen
Namneopphav: Kalla opp etter Aminadab
Land  Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°45′5.4″N 35°8′32.64″E / 31.751500°N 35.1424000°E / 31.751500; 35.1424000
Folketal 981  (2011)[1]
Grunnlagd 1950
 - Grunnlagd av jemenittiske jødar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Aminadav
31°45′05″N 35°08′33″E / 31.7515°N 35.1424°E / 31.7515; 35.1424
Wikimedia Commons: Aminadav

Aminadav (hebraisk עַמִּינָדָב) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg sørvest for Jerusalem nær Yad Kennedy i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 981.[1]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Aminadav» er ein kombinasjon av to hebraiske ord: «Ami»- nasjonen min, og «Nadav»- generøs, givande eller frivillig. Aminadav tyder derfor «eit generøst folk» og opphavet er frå Det gamle testamentet Andre Mosebok (6:23 et al.); «Nachshon ben Aminadav» var den første mannen som gjekk ut i «Raudehavet» då jødane flykta frå slaveriet i Egypt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av emigrantar frå Jemen. Mellom 1952 og 1953 tok han i mot fleire emigrantar frå Nord-Afrika og nokre innfødde israelarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014.