Aminosyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei aminosyre er ei organisk sambinding som inneheld ei aminogruppe (-NH2) og ei syregruppe (-COOH). Aminosyrer kan danna lange kjeder ved at aminogrupper reagerer med syregrupper. Dette vert kalla peptidbinding.

Innan biokjemi omtalar ein gjerne alfa-aminosyrer med det kortare namnet aminosyre. Alfa-aminosyrene har formel NH2-CHR-COOH der sidegruppa R kan variera. Desse er intermediat i stoffskiftet, og er spesielt byggesteinar i protein. Alfa-aminosyrene vert inndelte etter dei kjemiske eigenskapane til sidegruppene og korleis dei oppfører seg under fysiologiske forhold (37 °C, pH 7,4).

Generell struktur av alfa-amionsyrer:

  COOH
  |
H-C-R
  |
  NH2

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Det er normalt 20 ulike aminosyre som inngår i protein. Av desse er 9 essensielle (må skaffast gjennom matinntak), medan 11 kan syntetiserast av kroppen. (Tala er ikkje absolutte, då syntesen av enkelte ikkje-essensielle aminosyrer er nært kopla til matinntaket av bestemte essensielle aminosyrer. Spesifikt vert tyrosin danna med utgangspunkt i fenylalanin, medan cystein krev metionin i syntesen. I tillegg er også glysin og arginin essensielle på vilkår.) Under fylgjer ei anna inndeling av aminosyrene, etter enkelte kjemiske eigenskapar:

Upolar, alifatisk R[endre | endre wikiteksten]

  • Glysin (Gly): R = –H
  • Alanin (Ala): R = –CH3
  • Valin (Val): R = –CH(CH3)CH3
  • Leucin (Leu): R = –CH2CH(CH3)CH3
  • Isoleucin (Ile): R = –CH(CH3)CH2CH3
  • Prolin (Pro): R = –CH2CH2CH2βN    (syklisk med beta-nitrogenet som del av sykelen)

Upolar, aromatisk R[endre | endre wikiteksten]

  • Fenylalanin (Phe): R = –CH2–fenyl    (ei fenylgruppe med 6 karbonatom i aromatisk ring)
  • Tyrosin (Tyr): R = –CH2–fenyl–para–OH    (der para tyder at OH sit på motsett side av fenylgruppa enn resten av molekylet)
  • Tryptofan (Trp): R = CH2–indolring

Polar, uladd R[endre | endre wikiteksten]

Negativt ladd R (sur)[endre | endre wikiteksten]

Positivt ladd R (basisk)[endre | endre wikiteksten]

Hugsereglar[endre | endre wikiteksten]

Dei hydrofile aminosyrene: PROFET GAV LIM (prolin, fenylalanin, tyrosin, tryptofan, glysin, alanin, valin, leucin, isoleucin og - til ein viss grad - methionin).

Dei hydrofobe aminosyrene: SCOT HALL AGGA (serin, cystein, treonin, histidin, arginin, lysin, asparagin, aspartat, glutamin og glutamat).

Dei ikkje-essensielle aminosyrene: ACG pst... (alanin, arginin, asparagin, aspartat, cystein, glutamin, glutamat, glysin, prolin, serin, tyrosin).

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.