Ammavaru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Byste av Ammavaru ved ei elv i Andhra Pradesh.

Ammavaru (telugu అమ్మావరు ammāvaru 'heilage mor') er teluguordet for 'gudinne', men er også namnet til ei hindugudinne som blir dyrka i nokre delar av Andhra Pradesh. Denne artikkelen handlar om den sistnemnde.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Indologar trur at Ammavaru var utvikla frå ei gammal dravidisk modergudinne, slik som den tamilske gudinna Mariamman. Legenda om Ammavaru seiar at ho var den eldste av alle gudar. I byrjinga sat Ammavaru åleine på ein lotusblom som flaut på vatnet. Ho lagde tre eggblomen og frå dei kom Brahma, Vishnu, og Shiva. «Kom ligg med meg» sa Ammavaru, «slik at livet si tid kan byrja på jorda.» Men dei tre gudane nekta å gjera det. Ammavaru blei sint, og det tredje auga hennar brann i raseri. Gudane blei redde og sa at dei ville liggja med henne, men ikkje før ho gav dei det tredje auga sitt. Ammavaru var fylt av lyst og plukka auga frå pannen sin og gav det til Shiva. Men så snart ho gjorde det miste ho makta si. Huda hennar blei skrukkete, håret hennar blei grått, og brysta hennar visna. Så kasta gudane seg over henne og frå kroppen hennar skapa dei jorda. Men dei kunne ikkje drepa henne. Ho lever enno og livet hennar gjev liv til vår jord. Denne legenda er interessant og omstridd fordi ho går imot vanleg hinduisk mytologi som hevdar at Brahma, Vishnu og Shiva ikkje har byrjing eller slutt.

På same måte som Mariamman er Ammavaru også dyrka på ein veldig forskjellig måte frå andre hindugudar. Den største forskjellen er bruken av dyreoffer, som er uvanleg i hinduismen. Prestane til Ammavaru heiter potharadju (telugu పొత్తరాజు pottarādju). Dei er aldri brahminar, men – til forskjell frå Mariamman – er det berre menn som kan bli prestar.

Feiring[endre | endre wikiteksten]

Ammavaru si høgtid heiter ఊర పణ్డుగ ūra paṇḍuga som tyder 'landsbyfesten', og er ei fruktbarheitsrite. Potharadjuen drep ein bøffel, og går rundt landsbyen med innvolane til bøffelen rundt halsen. Folk trur at det velsignar jorda slik at det skal gje god grøde. Vanlegvis bruker potharajuen to dagar på å velsigna heile landsbyen. Når han blir ferdig blir eit lam ofra til Ammavaru. Potharadjuen held lammet og bit halsen på det til dyret døyr.

Nokre dagar etter dassera held mange kvinner i Andhra Pradesh ein seremoni til Ammavaru. Ei metallgryte fylt med ris symboliserer kroppen til Ammavaru. Kvinnene kler gryta i ein sari og set ei kokosnøtt på toppen for å symbolisera hovudet hennar. Dei ber til gudinna om å vera gjevmild mot dei.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]