Amorgós

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amorgós
Lokalt namn: Αμοργός
Klosteret Panagía Khosoviótissa på Amorgós
Klosteret Panagía Khosoviótissa på Amorgós
Geografi
2011 Dimos Amorgou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°5′00″N 25°28′00″EKoordinatar: 37°5′00″N 25°28′00″E
Øygruppe Kykladane
Areal 126,4 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Náxos
Største busetnad Amorgós (397 innb.)
Demografi
Folketal 1 973 (2011)
Folketettleik 15,6 /km²

Amorgós (gresk Αμοργός) er ei øy i Hellas, den austlegaste øya i Kykladane i Egearhavet og den øya i gruppa som ligg nærast Dodekanesane. Øya har eit areal på 126 km² og eit folketal på om lag 2 000.

Amorgós er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

På grunn av plasseringa til Amorgos var ho ein av dei første stadane at jonarar kom til frå dei joniske byane Milet, Alikarnasos og Efessos på veg til Kykladane og det greske fastlandet.

I antikken hadde øya tre sjølvstendige byar med sjølvstye og same valuta. Storleiken og det kunstneriske arbeidet på bymurane til Areksini, dei antikke tårna på øya, dei antikke gravene, steinreiskapane, inskripsjonane, vasane og andre lekamar viser at Amorgós var ein blømande sivilisasjon i antikken. Namnet på dei tre byane er Arkesini, Minoa og Aigiali eller Melania. Dei ligg alle på vestsida av øya der ein kan finne naturlege hamner.

Amorgós vert óg kalla Yperia, Patagy eller Platagy, Pagali, Psikhia, og Karkisia. Ein del av øya vert kalla Aspis, der det antikke tempelet til gudinna Afrodite stod.

Øya vart filma i Luc Besson sin film Det store blå.

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

  • Amorgós (Khóra)
  • Arkesíni
  • Ejáli
  • Kalofána
  • Katápola
  • Lévkes
  • Órmos Ejális
  • Potamós
  • Tholária
  • Vroútsis

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Kykladane

Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Járos • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi