Xiamen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Amoy)
Xiamen
kinesisk 厦门
(pinyin Xiàmén)
Andre namn Amoy
Xiamen sett over Yundang-sjøen
Xiamen sett over Yundang-sjøen
Xiamen sett over Yundang-sjøen
Styresmakter
Land
Provins
Kina
Fujian
Geografi
Flatevidd 1 699,39 km²
Innbyggjarar
 - By (2020)

5 163 970[1]
Tidssone UTC+8 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.xiamen.gov.cn
Nettstad: www.xm.gov.cn
Plassering
Xiamen i Fujian
Xiamen i Fujian
]]Xiamen i Fujian]]

Xiamen, òg kjend som Amoy, er ein kinesisk hamneby i provinsen Fujian ved kysten til Kina mot Taiwansundet og Sørkinahavet. Administrativt blir han rekna som subprovinsiell by. Folkesetnaden innan bygrensene vert estimert (2004) til 536 000, men heile området har 1,24 millionar innbyggjarar.

Namnet Amoy svarar til korleis «Xiamen» blir uttalt på det språket som blir talt i byen Zhangzhou, eit hokkien-språk. Lokalt i Xiamen, på amoydialekten av sørleg min-språk (minnan), er uttalen omtrent Ē-mn̂g. Namnet tyder 'Porten til det store herskapshuset'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Xiamen har vore kjend som ein viktig hamneby sidan Song-dynastiet, og blei brukt som base mot sjørøveri under Ming-dynastiet.

Amoy, from Kulangseu. Av Edwin Joshua Dukes om lag 1885.

Sidan 1541 mottok Xiamen europeiske skip, eller var utgangspunktet for kinesiske handelsskip som omlasta til europearane i rom sjø. På 1800-talet var det hovudeksporthamna for te. Den tidlege og omfattande kontakten førte til at mange europeiske språk fekk lånord frå det lokale hokkienspråket, til dømes «te» (茶; tê), teslaget pekoe (白毫; pe̍h-hô) og «kowtow» (磕頭; khàu-thâu).

Under den fyrste opiumskrigen mellom Storbritannia og Kina tok britane byen under Slaget ved Amoy i 1841. Han blei gjort til traktathamn i Nanjingtraktaten ved slutten av krigen i 1842, og blei ein viktig innfallsport for kristne misjonærar i Kina. Øya Gulangyu i hamna blei ein utanlandsk enklave med mykje utanlandsk-inspirert arkitektur.

Xiamen var det siste støttepunktet for Koxinga i kampen hans mot dei framrykkande troppane til Qing-dynastiet før han måtte trekkje seg tilbake til Taiwan.

I 1980-åra fekk Xiamen ei av dei første særskilde økonomiske sonene i Kina. Sidan då har han hatt stor økonomisk vekst, og er mellom anna blitt eit viktig eksportsenter for elektronikk.

Zhongshan-vegen i Xiamen.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Luftfart[endre | endre wikiteksten]

Ein stor flyplass, Xiamen Gaoqi internasjonale lufthamn, har rute- og cargotrafikk med både innanlands- og utanlandsdestinasjonar. Han er heimebase for Xiamen Airlines (厦门航空; pinyin: Xiàmén Hángkōng; Pe̍h-ōe-jī: E-mng Hengde-khong), som var det første flyselskapet i Folkerepublikken som blir drive av privatpersonar. Selskapet vart stifta 25. juli 1984.

Veg[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 319 startar i Xiamen. Riksvegen går nordvestover gjennom provinsane Fujian, Jiangxi, Hunan og Chongqing, til han endar opp i Chengdu, hovudstaden i provinsen Sichuan.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Byen har to statlete universitet, Xiamen-universitetet (1921) og Jimei-universitetet, som begge blei grunnlagde av Tan Kah Kee. Elles finst fleire private universitet og høgskolar.

Sommaren 2006 vart World Choir Games halde i Xiamen. Den norske Studentersangforening vann mannskorklassen i konkurransen.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Xiamen administrerer seks distrikt:

Distrikta Siming og Huli utgjer den særskilde økonomiske sona Xiamen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 https://tjj.fujian.gov.cn/xxgk/tjgb/202105/t20210520_5598804.htm.

«Xiamen» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Xiamen