Amphoe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Amphoe (thailandsk: อำเภอ, russisk: Ампхе, engelsk:Amphoe ) er namnet på administrative område i Thailand. Amphoe er det andre nivået under staten i det thailandske forvaltningshierarkiet, underlagt provinsane, såkalla changwat. Ordet amphoe vert vanlegvis omsett med distrikt. Amphoe vert igjen delt inn i underdistrikt kalla tambon.

Det finst 878 amphoe-distrikt, og det inkluderer ikkje dei 50 khet-distrikta i hovudstaden Bangkok.