Ampthill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ampthill

Ampthill sentrum med klokketårnet (1852) og marknadsplassen
Ampthill sentrum med klokketårnet (1852) og marknadsplassen
Plassering
Ampthill is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Bedfordshire
Distrikt Central Bedfordshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

6 767
Koordinatar 52°02′″N 0°29′″WKoordinatar: 52°02′″N 0°29′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer MK45
Telefon-retningsnummer 01525
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ampthill

Ampthill er ein liten by i Bedfordshire i det austlege England. Han ligg mellom Bedford og Luton, og er administrasjonssenter for distriktet Central Bedfordshire.

Ampthill har hatt ein marknad kvar torsdag gjennom fleire hundreår. I mellomalderen var Ampthill slott ei viktig festning. Katarina av Aragon vart halde på slottet medan ho venta på at rettssaka mot henne skulle starte. Det er i dag inkje igjen av slottet.

Den kjende arkitekten sir Albert Richardson budde i Ampthill frå 1919 til han døydde i 1964. Blant dei siste prosjekta hans var kontorbygningen til distriktsrådet i Dunstable Street, oppført 1963 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]