Amstel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amstel
elv
Amstel i Amsterdam
Land  Nederland
Lengd 31 km
Kjelde Aarkanaal
Munning Amsterdam
Kart
Amstel
52°17′15″ N 4°53′15″ E
Wikimedia Commons: Amstel

Amstel er ei elv i Nederland som renn gjennom byen Amsterdam.

Amstel sitt namn kjem frå Aeme stelle, gammalnederlandsk for «området med mykje vatn». Elva byrja opphavleg der to mindre elvar, Drecht og Kromme Mijdrecht, rann i hop, litt sør for Uithoorn. Etter at Amstel-Drecht Kanaal vart bygd byrja elva (og kanalen) nå der Drecht og ein annan kanal, Aarkanaal, renn i hop, nær byen Nieuwveen. Av sideelvar finn ein Kromme Mijdrecht, Bullewijk og Waver.

Elva munna opphavleg ut i IJbukta i Amsterdam. I 1936 vart den siste delen av elva (kalla Rokin) fylt i, så elva endar no ved Spuiplassen. Vatnet renn derimot vidare i undergrunnsrøyr til IJ.

Amsterdam er kalla opp etter elva. Byen utvikla seg ut frå ein liten fiskelandsby kalla Amstelredam, grunnlagd på 1200-talet ved sida av ei demning ved munningen av elva. Byen fekk byrettar rundt 1300. Grensa utvikla seg til den vesle byen Amsteldam, som seinare vart Amsterdam.

Den kjende brua Magere Brug i Amsterdam kryssar elva, og det same gjer Blauwbrug, Hoge Sluis og Berlagebrug. Rådhuset Stopera, operahuset og Carré-teateret ligg alle ved elvebreidda.

Ein konsert, som vert vist på nederlandsk rikskringkasting, vert kvart år halde på Bevrijdingsdag (frigjeringsdagen). Kvart år vert det òg halde ro-tevlingar på elva.

Området som elva renn gjennom vert kalla Amstelland. Byen og kommunen Amstelveen, kommunen Ouder-Amstel, byane Ouderkerk aan de Amstel og Nes aan de Amstel er òg alle kalla opp etter elva. Amsterdam har ei gate som heiter Amstel (langs elva), ein plass som heiter Amstelveld og ein togstasjon som heiter Amsterdam Amstel.

Ølet Amstel er òg kalla opp etter elva. Amstel bryggjeri låg nær elva og vatn frå elva vart nytta til å avkjøle ølet.

I dei tidlegare nederlandske koloniane i Nord-Amerika vart ein by erobra frå svenskane i 1655 og omdøypt Nieuw-Amstel. Han heiter i dag New Castle i Delaware.

Amstel i kunsten[endre | endre wikiteksten]

Mange kunstnarar har måla eller teikna Amstel, inkludert:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]