Amt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Amt (frå tysk, eigentleg 'embete' eller 'embetsdistrikt') var frå 19. februar 1662 eit namn på forvaltningsområda i Danmark-Noreg, og avløyste namna len og syssel.

Den nye inndelinga var fyrst fire hovudamt og åtte underamt. Hovudamta var likt med med bispedøma. Eit bispedøme vart kalla stift. Medan den kyrkjelege leiinga var lagt til biskopen, hadde slike amt ein verdsleg embetsmann på toppen kalla stiftamtmann. Leiaren for dei andre amta vart kalla amtmann, frå 1919 fylkesmann.

1. januar 1919 vart nemninga «amt» erstatta med «fylke» i Noreg, sjå amt i Noreg. Provinsane i Danmark vart fram til 1. januar 2007 framleis kalla «amt», sjå amt i Danmark.