Amu-Darja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amu-Darja
Andre namn usbekisk Amudaryo, tadsjikisk Омударё eller дарёи Ому Omudarjo eller darjoi Omu, turkmensk Amyderýa, russisk АмударьяAmudarja, persisk آمودریاÂmudaryâ, arabisk جيحون Jīḥūn, i antikken kalla Oxos, Oxus, Oaxus
Amudaryasunset.jpg
Munning Aralsjøen
Lengd 2400
Middelvassføring 2525[1]
Nedslagsfelt 534 739 km²
Amu-Darja - Aralsjøen med Amu-Darja og Syr-Darja.
Aralsjøen med Amu-Darja og Syr-Darja.

Amu-Darja er den lengste elva i Sentral-Asia. Ho blir danna ved samløpet av elvane Vakhsj og Pjandzj i Tadsjikistan, og renn mot nordvest over Turanbekkenet gjennom Afghanistan, Turkmenistan og Usbekistan, til ho munnar ut i Aralsjøen i Usbekistan, eller i ørkenen før ho når sjøen. Amu-Darja er 1415 km lang, rekna frå samløpet med Vakhsj, og 2540 km rekna frå utspringet i Pamir. Ho har eit nedbørsfelt på 534 739 km².

Namn og historie[endre | endre wikiteksten]

Miniatyrmåleri av Babur, grunnleggjaren av Mogulriket, ved Amu-Darja.

I antikken var elva kjend under det greske namnet Oxos, som er etymologisk i slekt med Vakhsj, den største sideelva til Amu-Darja. Begge namna er truleg avleidde av eit tidlegare namn på heile elva. Ptolemaios kalla henne Oxiana palus. Elva spelte ei viktig rolle i persisk historie, og under felttoga til Aleksander den store.

I dei hinduiske skriftene Vayu Purana og Matsya Purana blir Oxus nemnd som Chakshu, som renn gjennom landa til stammane tushara (rishika?), lampaka, pahlava, paradas, shaka og så bortetter. Elva er også nemnd i den parsiske heilage boka Avesta.

I arabiske kjelder frå mellomalderen var elva kjend som Jaihun eller Gihun, avleiinga av Gihon, det bibelske namnet på ei av de fire elvene i Edens hage.[2] Jaihun var truleg påverka av Dgihun, som er det tradisjonelle namnet elva blei gjeven av folkeslaga som budde i regionen.[3] Elva blir av enkelte lokale folk flamleis kalla ved namn som er etymologisk beslekta med Jaihun.

Det noverande namnet «Darja» kjem frå gammalpersisk «Darajah», via mellompersisk/pahlavi «Drayak» som betyr sjø eller særs stor elv, medan «Amu» er frå byen Āmul, no kjend som Turkmenabat.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Amu-Darja.
Frå bygginga av ei bru over Amu-Darja mellom Afghanistan og Tadsjikistan.
Satellittbilde av elvedeltaet til Amu-Darja, november 1994

Amu-Darja spring ut i Pamirfjella i Tadsjikistan, der både Pamir-elva og Wakhan er blitt rekna som kjelda. Pamir-elva byrjer i innsjøen Zor Kul på grensa mellom Tadsjikistan og Afghanistan, medan Wakhan tek til frå ein isbre øvst i Waghjirdalen, der grensene til Afghanistan, Pakistan og Kina møter kvarandre.

Rundt 50 km nedanfor kjeldeområda sine renn Pamir- og Wakhanelvene saman og dannar elva Pjandzj. Pjandzj renn først mot sørvest, før ho ved byen Eshkashem snur mot nord gjennom Hindukush. Elva renn mellom høge fjell i ein djup, kløftliknande dal. Etter rundt 200 km bøyar Pjandzj gradvis først mot nordvest, før ho seinare igjen renn i sørvestleg retning. Deretter renn ho saman med si største sideelv, Vakhsj. Samløpet markererer staden der ein byrjar kalla elva Amu-Darja, og overgangen frå den tronge Pjandzjdalen til det breie og opne dalføret ho seinare renn gjennom/

Elva dannar grensa mellom Afghanistan og Tadsjikistan heilt frå Zor Kul-sjøen i Pamir til ho renn inn i Usbekistan rundt 70 km nedstrøms frå samløpet med Vakhsj. Herfrå dannar ho grensa mellom Afghanistan og Usbekistan over ca. 200 km, og passerer Termiz og Den afghansk-usbekiske vennskapsbrua. Elva dannar deretter grensa mellom Afghanistan og Turkmenistan i 100 km til, før ho forlèt grensa ved Mukri og renn inn i ørkenen i Turkmenistan. Her ligg også starten på Karakumkanalen, som leoer vann fra Amu-Darja til byen Mary og Ashgabat i dei sentrale delane av Turkmenistan lengre vest. Like etter, ved Kerki, tek Karsjikanalen av til høgre, og leier vatn til Talimardsjan-reservoaret og jordbruksområda sør i Usbekistan.

Amu-Darja renn deretter mot nordvest gjennom ørkenen i Turkmenistan. Ho dannar eit skilje mellom Karakum-ørkenen i sør og Kysylkum i nord. Elva passerer Turkmenabat, og blir igjen grenseelv over to korte strekningar, denne gongen mellom Turkmenistan og Usbekistan. Amu-Darja renn så inn i Usbekistan, der ho før 1970-åra delte seg opp i mange vassvegar som utgjorde eit delta ved munningen i Aralsjøen. I dag forsvinn ho som regel i ørkenen etter at ho har passert Urgentsj, Daşoguz og Nukuz, og rekk sjeldan frem til Aralsjøen lenger.

Historiske nedteikningar viser at elva i ulike perioder har runne både til Aralsjøen (frå sør) og til Kaspihavet (frå aust). Opp til rundt 500 f.kr. rann elva mot vest frå Khorezm-oasen til Sarykamysjsjøen, og vidare til Kaspihavet. Enkelte kjelder tyder også på at vanssøringa frå dei store breane i Pamir på 1200- og 1300-talet var stor nok til at Aralsjøen rann over, med avløp mot Kaspihavet. Frå 1600-talet har elva berre munna ut i Aral, bortsett frå ved flaumar store nok til at vatn rann over til Sarykamysjsjøen.

Amu-Darja var tidlegare siglbar i over 1450 km, frå Aralsjøen til Termiz, men dei nedste strekningane (nedstrøms frå Turkmenabat) er no ikkje lenger siglbare på grunn av minka vassføring. Sjølv før dette var båttrafikken på Amu-Darja beskjeden, på grunn av det skiftande og ustabile elveløpet.

Sideelver[endre | endre wikiteksten]

Byar langs elva[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amu-Darja

Litteratur

  • Curzon, George Nathaniel: The Pamirs and the Source of the Oxus. Royal Geographical Society, London, 1896. Gjenopptrykk: Elibron Classics Series, Adamant Media Corporation, 2005. ISBN 1-4021-5983-8 (paperback); ISBN 1-4021-3090-2 (innb).
  • Gordon, T. E: The Roof of the World: Being the Narrative of a Journey over the high plateau of Tibet to the Russian Frontier and the Oxus sources on Pamir. Edinburgh, 1876. Edmonston and Douglas. Gjenopptrykk av Ch'eng Wen Publishing Company. Taipei, 1971.
  • Toynbee, Arnold J: Between Oxus and Jumna. London, 1961. Oxford University Press.
  • Wood, John: A Journey to the Source of the River Oxus. With an essay on the Geography of the Valley of the Oxus by Colonel Henry Yule. London, 1872. John Murray.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 37°06′21″N 68°18′23″E