Amund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amund er eit mannsnamn, av norrønt Ǫgmundr, av ag 'sverd' og -mund, 'vernar', eller namnet kan vere av norrønt Ámundi, av á 'svært' og -mund, 'vernar'. Sideformer av namnet er Ommund og Åmund.
Amund har i Noreg namnedag 20. desember.
Innhaldsliste |
Bruken av namnet i Noreg [endre]
Utbreiinga av namnet var minkande heile første halvdelen av 1900-talet, men etter andre verdskrigen vart namnet meir populært att.
- I folketeljinga frå 1801 var det 3129 som hadde namnet i formene Amun, Amund, Amunds
- I 1900 var det 2556 personar som var listeførte med namneformene Amun, Amund, Amunds, Amundur, Amundus
- I 2008 har er det 2061 som heiter Amun(d) til første fornamn
Kjende namneberarar [endre]
- Amund Bredesen (1800 - 1842), norsk stortingsmann
- Amund Olsen Huser (1827 - 1895), norsk stortingsmann
- Amund Helland (1846 - 1918), norsk geolog og politikar
- Amund B. Larsen, (1849 - 1928), norsk målføregranskar
- Amund Sjøbrend, (f. 1952) norsk skeiseløpar
- Amund Djuve, (f. 1963), redaktør i Dagens Næringsliv
- Amund Skiri, (f. 1978), norsk fotballspelar
Sjå òg [endre]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Amund hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Kjelder [endre]
- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991