Amund Bredesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amund Bredesen
Fødd3. september 1800
Nord-Odal kommune
Død6. august 1842 (41 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, politikar
BarnOle Bredesen
Alle verv

Amund Bredesen (3. september 18006. august 1842) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nord-Odal i Hedmark. Han var far til Ole Bredesen.

Bredesen var son av ein gardbrukar. Sjølv kjøpte han garden Oppset i Grue i 1827, og dreiv denne til han døydde. Han vart medlem av det fyrste formannskapet i 1837 og var med livet ut. I 1836 var han 3. representant frå Hedemarkens amtStortinget og sameleis på omframstortinget 1836-37. Han var i 1836 medlem av gasje- og budsjettkomiteen, i 1836-37 av gasje- og pensjonskomiteen.

Bredesen døydde på garden sin i Grue i 1842.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]