Amund Ringnes' øy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amund Ringnes' øy (engelsk: Amund Ringnes Island) er ei av Sverdrupøyane i arktisk Canada. Øya har eit flateinnhald på 5 255 km² og er folketom.
Øya vart kartlagt under Otto Sverdrups «Fram»-ekspedisjon mellom 1898 og 1902, og fekk namn etter Amund Ringnes, norsk bryggerieigar som var med på å finansiere ekspedisjonen. Naboøya Ellef Ringnes' øy har namn etter broren Ellef Ringnes. Noreg gjorde krav på desse øyane frå 1902, eit krav som vart fråfalle i 1930.
- Denne artikkelen bygger på «Amund Ringnes' øy» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2009.