Amused to Death

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amused to Death
Studioalbum av Roger Waters
Utgjeve 1. september 1992
Innspelt 1988-1992
Sjanger Rock
Lengd 72:45
Selskap Columbia Records
Produsent Roger Waters, Nick Griffiths, Patrick Leonard
Kritikk
Roger Waters-kronologi
The Wall Live in Berlin
(1990)
Amused to Death In the Flesh Live
(2000)

Amused to Death er eit soloalbum av Roger Waters frå 1992, som tidlegare spela i Pink Floyd.

Mange reknar dette albumet som det beste soloalbumet til Waters, og det inneheld mellom anna Jeff Beck på gitar. Amused to Death utforskar vidare Waters si desillusjonerte kjensle som følgje av det moderne vestlege samfunnet, og fokuserte særleg på fjernsyn og massemedia. Albumet var inspirert av boka Amusing Ourselves to Death av Neil Postman, ein kritikk av fjernsynet og kulturen som høyrer med.

På typisk Waters-vis er albumet eit konseptalbum, og er laust basert på ei ape som tilfeldig skiftar kanalar på fjernsynet, men utforskar mange politiske og sosiale tema. Mellom anna var albumet ein kritikk av Den første golfkrigen og Waters lèt eit stort kor synge den «globale hymnen» sin: «Can't you see? It all makes perfect sense. Expressed in dollars and cents, pounds, shillings, and pence.» Songen «Watching TV» utforskar påverknaden massakeren på Den himmelske freds plass i Kina hadde på massemedia.

Albumet er miksa i QSound for å forsterke den romlege kjensla til lyden, og dei mange lydeffektane ein kan høyre - geværskot, kanebjeller, bilar, fly, hestar og hundar - nyttar alle denne tredimensjonale effekten. Den stjerneklåre lyden på albumet er trekt fram av mellom anna lydeksperten Bob Katz [1]

Amused to Death nådde 21. plass på den amerikanske Billboardlista, med hjelp av singelen «What God Wants, Part I», som gjekk opp til fjerdeplass på Billboard's Mainstream Rock Tracks i 1992.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

  • Den første songen «The Ballad of Bill Hubbard», inneheld eit lydklipp av Alfred «Alf» Razzell, ein veteran frå den første verdskrigen og medlem av Royal Fusiliers (som far til Waters, Eric Fletcher Waters, hadde vore under den andre verdskrigen). Han skildrar ei historie om då han fann venen sin William «Bill» Hubbard – som albumet er dedisert til - alvorleg skadd på slagmarka. Etter fleire forsøk på å bere han til trygg grunn måtte han forlate han i ingenmannsland. Lydklipp av Razzell dukkar òg opp igjen på slutten av albumet, som då sluttar som det byrja.
  • Den andre songen, «What God Wants (Part I)», opnar med stort kontrast til Razzell si historie, då fjernsynet brått skiftar kanal og ein kan høyre ei ung jente sei: «I don't mind about the war. That's one of the things I like to watch, if it's a war going on. Cos then I know if, um, our side's winning, if our side's losing…» før ho ironisk vert avbrott då fjernsynet skiftar kanal til lyden av apelydar.
  • Den tredje songen, «Perfect Sense (Part I)», byrjar med eit høgt skrik, og ei rekkje ord som er spelt inn baklengs. Denne baklengsmeldinga seier: «Julia, however, in the light and visions of the issues of Stanley, we changed our minds. We have decided to include a backward message. Stanley, for you, and for all the other book partner's». Etter meldinga kjem eit skrik, som ikkje gjev noko meir meining når det vert spelt av rette vegen. Waters fortalte i eit intervju med Rockline i 1993 at han ynskja å nytte lydklipp frå HAL 9000 frå 2001: A Space Odyssey på albumet. Regissør Stanley Kubrick avslo sidan han meinte at fleire andre då ville nytte lydklippet. Waters har derimot nytta lydklippa i konsertutgåver av songen i seinare tid.
  • I «Perfect Sense, Pt.2» kan ein høyre den amerikanske sportskommentatoren Marv Albert gje ein hånleg kommentar om ein ubåt som sender torpedoar mot ein oljeplattform, det heile framstilt som om det skulle vere ei sportssending med mange tusen tilskodarar.
  • Red Hot Chili Peppers sin bassist Flea spelte inn bass for albumet, men ingen av utgåvene han spela på vart nytta.
  • Delar av teksten vart improvisert fram av Waters under innspelinga.
  • På «The Bravery of Being Out of Range», syng Waters: «I looked over Jordan and what did I see. Saw a U.S. Marine in a pile of debris». Dette liknar ei linje frå songen «Sheep» frå Pink Floyd-albumetAnimals frå 1977 (som Waters òg skreiv): «I've looked over Jordan, and I have seen things are not what they seem».
  • BBC Radio 1 nekta å spele den første singelen frå albumet, «What God Wants (Part I)» på grunn av tekstinnhaldet, noko som gjorde Waters rasande. To andre singlar vart gjeve ut i Europa: «Three Wishes» og «The Bravery of Being Out of Range».
  • Don Henley frå The Eagles medverka med harmonivokal på songen «Watching TV»
  • Charles Fleischer (betre kjend som stemma til Roger Rabbit) spelar rolla som den grådige TV-predikanten i byrjinga på «What God Wants (Part II)».
  • Tittelen på albumet Amused to Death dukka opp då Waters byrja på albumet under turneen til Radio K.A.O.S. i 1987. Eit tidleg forslag til plateomslaget var tre karikerte figurar, som likna David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright (frå Pink Floyd), flytande i eit martiniglas. Det tok derimot fleire år før albumet kom ut, og det er ukjend kor mykje materialet endra seg i mellomtida. Songar som kritiserte Golfkrigen og George Bush senior («Old timer, who you gonna kill next?» «Does the recoil remind you of sex?» osv. i «The Bravery of Being Out of Range») og om hendinga på Den himmelske freds plass var nye eller heilt omskrive.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Roger Waters

# Tittel Lengd
1. «The Ballad of Bill Hubbard»   04:19
2. «What God Wants, Part I»   06:00
3. «Perfect Sense, Part I»   04:16
4. «Perfect Sense, Part II»   02:50
5. «The Bravery of Being Out of Range»   04:43
6. «Late Home Tonight, Part I»   04:00
7. «Late Home Tonight, Part II»   02:13
8. «Too Much Rope»   05:47
9. «What God Wants, Part II»   03:41
10. «What God Wants, Part III»   04:08
11. «Watching TV»   06:07
12. «Three Wishes»   06:50
13. «It's a Miracle»   08:30
14. «Amused to Death»   09:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bob Katz' honor roll
Roger Waters
Diskografi
Studioalbum: The Pros and Cons of Hitch Hiking | Radio KAOS | Amused to Death | Ça Ira
Filmmusikk: Music from «The Body» | When the Wind Blows
Konsertalbum: The Wall Live in Berlin | In the Flesh Live
Samleplater: Flickering Flame
Video og DVD
Pink Floyd The Wall | The Wall Live in Berlin | In the Flesh Live | The Making of The Dark Side of the Moon
Relaterte artiklar
Pink Floyd | David Gilmour | Alan Parker | Gerald Scarfe | Ron Geesin | The Final Cut | The Wall