Anabarelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anabar
Munning Anabarbukta
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 939 km
Middelvassføring 498 m³/s
Nedslagsfelt 100 000 km²

Anabar (russisk Анаба́р) er ei elv i Sakha i Russland, like vest for Lena. Elva er 939 km lang og har eit nedslagsfelt på 100 000 km². Elva har ei middelvassføring på 498 m³/s.

Nedslagsfeltet hennar strekkjer seg til Putoranfjella, som utgjer den høgaste delen av Det sentralsibirske platået.

Elva munnar ut i Anabarbukta, som vert rekna som den austlegaste fjorden i Russland og punktet der klimaet vart for tørt for at isbreane kunne dannast under siste glasiale maksimum. Her kan ein sjå ein klar overgang frå fjordar til elvadelta med Lenadeltaet like aust for munningen til Anabar.

Området rundt Anabar er kjend for å innehalde dei største førekomstane av diamantar i verda utanfor Afrika og Australia. Desse førekomstane gjorde Sovjetunionen til ein av dei største produsentane av diamantar og er framleis ei stor næring i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]