Anabatisk vind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Anabatisk vind eller dalbris er ein vind som bles oppover ein skråning eller ei fjellside. Denne typen vind oppstår som regel om dagen i roleg og solrikt vêr. Ein ås- eller fjelltopp vert varma opp av sola, og overflata varmar igjen opp lufta like over. Lufta som er i same høgd som fjelltoppen over dalen eller ei flate ved sida av vert ikkje varma opp like mykje fordi det er lengre ned til overflata. Denne effekten kan verte enno større om dalbotn eller flata ligg i skugge, og på den måten får mindre solvarme. Lufta nær fjelltoppen vert dermed varmare enn den omliggande lufta i same høgd, og byrjar å stige (konveksjon). Dette skapar eit lite lågtrykk under den stigande lufta, og luft byrjar å strøyme opp fjellsida for å fylle lågtrykket. Den oppvarma lufta som stig opp frå fjelltoppen vert avkjølt adiabatisk når den stig, og kjem temperaturen under doggpunktet vil lufta kondensere. Det vil då dannast cumulusskyer. Desse kan produsere regn og innimellom torevêr.

I høgda oppstår det ein motstraum frå dalsidene inn mot midten i høgda over dalbotn. Lufta som samlar seg her i høgda strøymer så nedover dalen i høgda.

Retninga og forma på dalane, samt vêrtilhøva, er avgjerande for kor kraftig dalvinden vert, men i Noreg vert han sjeldan over 5-6 m/s i 10 meter over dalbotn.

Det motsette av anabatisk vind er katabatisk vind som strøymer ned ei fjellside, ofte om natta på grunn av strålingsavkjøling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kåre Utaaker (1991). Mikro- og lokalmeteorologi: Det atmosfæriske miljø på liten skala. Bergen: Alma Mater. ISBN 82-419-0063-5.