Anadyrelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anadyr
Nedslagsfeltet til Anadyr
Nedslagsfeltet til Anadyr
Utspring Anadyrplatået
Munning Anadyrbukta
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 1150 km
Middelvassføring 1000 m³/s
Nedslagsfelt 191 000 km²

Anadyr (russisk Ана́дырь) er ei elv i Tsjukotka heilt aust i Russland som munnar ut i Anadyrbukta. Elva er 1150 km lang og har eit nedslagsfelt på 191 000 km². Elva har ei middelvassføring på 1000 m³/s.

Elva spring ut frå Anadyrplatået og renn først sørvestover og så austover. Ho munnar ut i Anadyrbukta i Beringhavet. Dei største sideelvane hennar er Jablon, Eropol og Majn frå høgre, og Tsjinejvejem, Belaja og Tanyurer frå venstre. Ved munningen ligg Anadyrskij Liman som får vatn frå Anadyr, Kantsjalan og Velikaja.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under ein kvalrossjakt i 1648 nådde Semjon Dezjnjov munningen til Anadyr. Frå limanen gjekk han oppover elva og grunnla Anadyrskij ostrog (fort). På 1700-talet vart Anadyr skildra av polfararen Dmitrij Laptev.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Elva renn gjennom eit tynt folkesett område dominert av tundra og eit rikt planteliv. Mykje av regionen har eit vakkert landskap med fleire markante fjell. Bakken er dekt av snø ni månader av året og elvane er dekte av is like lenge.

Reinsdyr, som dei lokale innbyggjarane livnærer seg av, fanst ein gong i store tal, men reinsdyrpopulasjonen har i dag vorte dramatisk mindre etter at reinsdyrfarmane vart privatisert og omorganisert i 1992.

Det finst ti artar laksefisk i Anadyr. Kvart år, den siste søndagen i april, er det ein isfiskekonkurranse på det isdekte estuaret til Anadyr. Festivalen vert lokalt kalla Korfest.

Området er stoppestad for mange trekkfuglar om sommaren, inkludert ringgås, brunnakke og stjertand.[1][2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Henny, Charles J. (Januar 1973) "Drought Displaced Movement of North American Pintails into Siberia" The Journal of Wildlife Management 37(1): s. 23-29 doi:10.2307/3799734
  2. "Biologist's Journal 2001" Western Ecological Research Center, United States Geological Survey