Anarchy Online

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anarchy Online (AO) er eit norsk vevbasert datarollespel for fleire spelarar, sokalla MMORPG. Det vart utvikla av Funcom og lansert 27. juni 2001. Spelet har ei science fiction-setting og utspelar seg på planeten Rubi-Ka fra året 29475. Plottet konsentrerer seg om konflikten mellom eit monopolistisk og griskt selskap, Omni-Tek og opprørarane, som i eit samleomgrep vert kalla Clans. I tillegg finst det ein nøytral gruppe, Neutrals, for dei som ikkje ynskjer å ta side i konflikten.

I seinare tid har spelet vorte utvida med bonustillegget (eng. boosterpack) The Notum Wars (2002) og ekspansjonane The Shadowlands (2003) og Alien Invasion (2004). Ein ny ekspansjon ved namn Lost Eden vart annonsert den 6. mai 2005.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.